Kaupanger-Frønningen er ei ferjerute over indre Sognefjorden mellom Kaupanger i Sogndal og Frønningen i Lærdal. Overfarten tek 40 minutt.

Ferjesambandet kom i gang i 2000 då det vart slutt på ferjesambandet mellom Gudvangen og Kaupanger, og vart driven av Fjord1 Fylkesbaatane med blant anna ferjene MF «Vetlefjord» (2007-2008) og MF «Fjærlandsfjord» (2009-2015). I seinare tid er det Norled som driv ruta med ferja MF «Hidraferja».

Det går ei ferje mellom Kaupanger og Gudvangen om sumaren i regi av reiselivsnæringa, men dette er eit privat rutetilbod.

Bakgrunnsstoff Kristin Ese: «Dei første ferjesambanda i Sogn» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland Hermund Kleppa: «Fylkesbaatane – Stoppestaden Midtfjords» på nettstaden til Fylkesarkivet i Vestland

Kategori:Fylkesvegferjer Kategori:Ferjesamband i Vestland Kategori:Samferdsle i Sogndal Kategori:Samferdsle i Lærdal Kategori:Norled-samband Kategori:Skipingar i 2000