Terje Breivik () er ein norsk politikar for Venstre og tidlegare skikyttar. Han har vore 2. nestleiar i partiet sidan 2012 og vald inn på Stortinget frå Hordaland fylke sidan 2013. Før dette var Breivik generalsekretær i Venstre 2004–2012 og ordførar i Ulvik herad 1995–2001.
Politikk Han melde seg inn i Venstre som 22-åring i 1987, og sat i Ulvik heradsstyre 1988–2003. Han var ordførar 1995–2001 og leiar i Ulvik Venstre 2001–2003. Vidare hadde han vore leiar i Hordaland Venstre sidan 2000 og medlem av programkomiteen til Venstre føre stortingsvala i 1997 og 2001 før han vart tilsett som generalsekretær sommaren 2004. Våren 2012 vart han vald til 2. nestleiar i partiet, og vart seinare same året nominert som 1. kandidaten til Vestre til Stortinget frå Hordaland.
Breivik er utdanna kommunalkandidat, og har bakgrunn som gründer og dagleg leiar i breibandsselskapet INO AS i Ulvik. Han har også vore lærarvikar, rektor ved Ulvik kommunale musikkskule, leiar for eit stadutviklingsprosjekt og helse- og sosialsjef i Eidfjord kommune.
Idrett Breivik vart norsk meister i skiskyting då han gjekk fyrste etappen på Hordaland sitt lag som vann 4 x 7,5 km stafett under NM i skiskyting 1991 på Steinkjer. Dei andre på vinnarlaget var Sverre Istad, Eirik Kvalfoss og Gisle Fenne.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Terje Breivik» frå , den 1. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Fødselsdato er henta frå biografi på Stortinget.no
Bakgrunnsstoff
Oppslag i Dagbladet
Kategori:Ordførarar i Ulvik Kategori:Venstreordførarar i Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Folk frå Ulvik