Rasmus Johan Michael Hansson () er ein norsk biolog og politikar for Miljøpartiet Dei Grøne. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo 2013-2017. Med dette var han den første stortingsrepresentanten frå Miljøpartiet Dei Grøne.

Hansson vart den 22. januar 2013 dagleg leiar ved CIENS – Forskningssenter for miljø og samfunn, eit forskingssenter knytt til Universitetet i Oslo.Rasmus Hansson er daglig leder på CIENS Toppsenter , ciens.no Hansson var generalsekretær i WWF Verdas Naturfond (WWF-Noreg) 2000–2012.Innstilling Stortingslisten 2013 - MDG Oslo, PDF

Han har vore førstekonsulent i Miljøverndepartementet og vore avdelingsdirektør og direktør for miljøforvalting ved Norsk Polarinstitutt. Hansson var direktør for miljøvernprogrammet i NORAD 1998–1999, og har vore tilsett i NORAD som rådgjevar innan viltforvalting. Han har fått publisert ei rekkje vitskaplege artiklar om miljøvern i Arktis.

Hansson er utdanna biolog frå NTNU og skreiv hovudfagsoppgåve om isbjørn. Han har også Master of Business Administration (MBA) og Graduate Diploma i internasjonal politikk frå La Trobe University i Melbourne i Australia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rasmus Hansson» frå , den 1. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Portrett hjå CIENS

Kategori:Stortingsrepresentantar frå MDG Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Norske biologar Kategori:Norske miljøvernarar Kategori:Elevar ved NTNU Kategori:Folk frå Bærum