«He Don't Love You (Like I Love You)» er ein song av Tony Orlando and Dawn som i 1975 gjekk til topps på Billboard Hot 100 i USA, der han låg i tre veker. Songen nådde òg toppen av adult contemporary-lista i ei veke i 1975.Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), ISBN 0-8230-7693-8
Opphav Den originale tittelen på songen var «He Will Break Your Heart». Han vart skriven av Jerry Butler, Calvin Carter og Curtis Mayfield. Songen vart spelt inn av Butler og gjeven ut som singel i 1960, då han nådde sjuandeplassen på Billboard Hot 100-lista. I tillegg låg innspelinga til Butler sju veker på toppen av R&B-lista. Andre tidlege versjonar av songen vart spelt inn av artistar som The Righteous Brothers og Freddie Scott.
Tony Orlando and Dawn-versjonen Då Orlando og andre medlemmar av Dawn (Telma Hopkins og Joyce Vincent Wilson) venta i lobbyen før dei skulle inn på eit Golden Globes-show, snakka Orlando med Faye Dunaway og den dåverande ektemannen hennar, Peter Wolf, som var frontmann i The J. Geils Band. For å få tida til å gå byrja dei to å synge R&B-songar frå 1960-åra songs og mellom anna Butler sin «He Will Break Your Heart». Dei fann då ut at det var ein god ide for gruppa å spele inn songen for det komande albumet sitt. Orlando kontakta Mayfield med løyve om å gjere ei nyinnspeling der han endra tittelen på songen til opningslinjene i songen, og Mayfield godtok dette.
Andre versjonar Dolly Parton spelte songen i 1984, med same tittelen som Orlando and Dawn, men ho endra kjønnet i tittelen til «She Don't Love You». Ho gav ut songen på albumet The Great Pretender.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «He Don't Love You (Like I Love You)» frå , den 1. oktober 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar skrivne av Curtis Mayfield Kategori:Songar skrivne av Jerry Butler Kategori:Tony Orlando-songar Kategori:Jerry Butler-songar Kategori:The Walker Brothers-songar Kategori:Dolly Parton-songar