For Eiken kommune i Aargau, sjå Eiken i Sveits. mini|Eiken kyrkje ved Lygne Eiken er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke. Kommunen vart oppretta i 1916 og lagt ned i 1962.
Eiken kommune hadde same utstrekking som Eiken sokn i Lister prosti, og femnde øvste delen av Lyngdalen med området kring innsjøen Lygne og dalføra, fjella og heiene kring. Soknet og kommunen har namn frå garden Eiken ved nordenden av Lygne, der det har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.
Kommunesoge Eiken kommune vart skipa 1. januar 1916 ved at Eiken sokn vart skild ut frå Hægebostad kommune. Ved opprettinga budde det 932 personar i kommunen. I det store kommunebrigdet på 1960-talet vart Eiken innlemma i Hægebostad kommune att, og Eiken kommune vart lagt ned 31. desember 1962. Ved samanslåinga budde det 784 personar i Eiken.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kommunar i Vest-Agder Kategori:Norske kommunar skipa i 1916 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1962 Kategori:Historie i Hægebostad Kategori:Geografi i Hægebostad