mini|Eiken kyrkje Eiken er eit kyrkjesokn i Lister prosti i Agder og Telemark bispedøme i Den norske kyrkja. Soknet svarer til nordre delen av Hægebostad kommune, og var til prestegjeldsordninga vart avvikla i 2004 del av Hægebostad prestegjeld. Soknekyrkje er Eiken kyrkje i grenda Eiken. Kyrkjestaden ligg på ein tange som stikk ut i innsjøen Lygne og det har vore kyrkje der sidan mellomalderen. Dagens kyrkje er frå 1817, den førre var frå 1671.

Soknet har namn etter garden Eiken der kyrkja ligg.

Området var frå 1916 til 1962 eigen kommune, sjå Eiken kommune.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kart som viser den geistlege inndelinga og kyrkjestader i 1979

kategori:Sokn i Agder og Telemark bispedøme Kategori:Hægebostad kommune