Alt om min far er ein norsk dokumentarfilm frå 2002 som er regissert og skriven av Even Benestad. Filmen handlar om regissørens far, Esben Esther Pirelli Benestad, som er lege, sexolog og transvestitt busett i den konservative sørlandsbyen Grimstad. Filmtittelen referer til filmen Alt om min mor, Todo sobre mi madre (1999) av Pedro Almodovár.Todo sobre mi madre på Imdb.com

Handling

Alt om min far tek til med at Esben Esther fortel om ein gjentakande, skremmande draum han hadde i barndommen, der han er ombord på Titanic, og veit at han vil gå ned med skipet fordi han er ein mann.Byrjinga av filmen på Filmarkivet.no Filmen gjev eit nært portrett av familien Benestad, og går tett på personlege samtalar familiemedlemmene imellom. Det blir vist klipp frå Esben Benestads barndom, der det er vanskeleg å ana at denne guten ein dag vil oppfatta seg som kvinne.Filmstudieark om Alt om min far Esben Esther ønskjer å visa verda kven han (eller ho) er, at han må kunna aksepterast som kvinne. Sonen Even synest på si side at om faren kallar seg ei kvinne, vil han likevel vera ein mann, for det er det ein far er. Filmen portretterer også ekskona til Esben Esther, dottera deira og hans noverande kone, sexologen Elsa Almås.

Mottaking

Alt om min far vart skildra som ein humoristisk og svært modig film som stiller mange spørsmål rundt kjønn, identitet, familie, korleis det er å vera tokjønna og kva det er å vera far.Vg.no, 14.02.02: Filmmelding av Alt om min far, skrive av Ellen Margrethe Sand Han fekk lite kinovisning utanfor Noreg, men vart vist ein del på utanlandske filmfestivalar.Imdb.com: Release info om Alt om min far Filmen fekk terningkast fem av både VG, Dagbladet, Aftenposten, Dagsavisen, FilmMagasinet og NRK P3 - Filmpolitiet.Alt om min far på Filmfront

Prisar

Amandaprisen for beste norske kinofilm 2002. Dokumentarfilmprisen 2002 av Kortfilmfestivalen i Grimstad Teddyprisen for beste dokumentar 2002 under Filmfestivalen i Berlin Filmkritikerprisen 2003 Nominert til Nordisk Råds Filmpris 2002.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Alt om min far i Norsk filmografi

Kategori:Filmar frå 2002 Kategori:Norske filmar Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Farskap