«The Robots» (tysk Die Roboter) er ein song av det tyske electronicabandet Kraftwerk som kom ut på singel i 1978. Både singelen og B-sida, «Spacelab», kom ut på det sjuande studioalbumet deira, Die Mensch-Maschine. Begge songane på singelutgåva var korta ned.
Tekst Teksten referer til dei nyskpanande teknikkane innan robotteknologi, og korleis menneske kan nytte desse slik dei måtte ønskje. Dei russiske linjene «Я твой слуга» (Ja tvoi sluga, Eg er tenaren din) og «Я твой работник» (Ja tvoi rabotnik, Eg er arbeidaren din) (skrive på baksida av plateomsalget) vert repetert i introduksjonen og i mellomspelet. Hovudteksten («We're charging our batteries and now we're full of energy...») vert «sungen» gjennom ein vocoder. Wolfgang Flür, eit medlem av Kraftwerk på den tida, skreiv seinare Ich war ein Roboter (I Was a Robot på engelsk), som refererte til «The Robots».
Konsertframføringar Når songen vert framført på konsertane deira, så vert bandet som regel erstatta av robotar som liknar på bandmedlemmane.
Lister Liste (1978)PlasseringTyskland18 U.S. Billboard Hot Dance Club Play39
«The Robots» (1991 Remix)
I 1991 vart ein remix av songen gjeve ut som singel frå remixalbumet The Mix.
Lister
Liste (1991)PlasseringIrland26UK Singles Chart20 U.S. Billboard Hot Dance Club Play42 U.S. Billboard Hot Dance Singles Sales42
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Robots» frå , den 28. mars 2013. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kraftwerk-songar Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1991 Kategori:Songar skrivne av Karl Bartos Kategori:Songar skrivne av Florian Schneider Kategori:Songar skrivne av Ralf Hütter