mini|Namnetrekket til Strungk Nicolaus Adam Strungk (døypt 15. november 1640 i Braunschweig, død 23. september 1700 i Dresden) var ein tysk fiolinist og barokk-komponist.
Den første orgelundervisninga fekk han av faren, Delphin Strungk, som var komponist og organist i Braunschweig. Etter avslutta studium leia Nicolaus Adam Strungk først Hamburger Ratsmusik. I 1688 blei han visekapellmester og hofforganist i Dresden, frå 1693 var han hoffkapellmester før han i 1696 blei leiar av operaen i Leipzig.
Han hadde fire døtrer, av desse blei Christine Dorothea Lachs ein omtykt poet i si ega tid.
Verk mini|upright=1.0|Manuskriptet til Laudate Pueri Strungk skreiv fleire operaer for Hamburg og Leipzig. Av instrumentalmusikk er det framfor alt bevart klaver- og orgelverk. Dessutan finst det nokre kyrkjekantater.
Operaer Der glückselig steigende Sejanus (1678) Der unglückselig fallende Sejanus (1678) Die liebreiche, durch Tugend und Schönheit erhöhte Esther (1680) David oder der königliche Sclave (1680) Die drei Töchter Cekrops (1680) Alceste (Hamburg, 1680) (usikker, eventuelt av Johann Wolfgang Franck) Theseus (1683) Semiramis (1683) Florette (1683)
Litteratur Fritz Berend: Nicolaus Adam Strungk. 1640-1700. Sein Leben und seine Werke. Mit Beiträgen zur Geschichte der Musik und des Theaters in Celle, Hannover und Leipzig, München 1913, Freiburg 1915.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Barokkomponistar Kategori:Tyske komponistar Kategori:Tyske fiolinistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Folk frå Braunschweig Kategori:Fødde i 1640 Kategori:Døde i 1700