«Neon Lights» (tysk versjon: «Neonlicht») er ein song av Kraftwerk frå albumet deira Die Mensch-Maschine i 1978. Songen vart opphavleg gjeveb ut som B-side til singelen deira «The Model» («Das Model»), men seinare vart sidene byta om.

Lister Liste (1978/1979)PlasseringUK Singles Chart53 U.S. Billboard Hot Dance Club Play39

Andre versjonar «Neon Lights» vart omarbeidd til eit tema for eit kanadisk dataopplæringsprogram på TV i 1983 kalla Bits and Bytes. Songen vart spelt inn av Love Tractor på 'til the Cows Come Home (1984). OMD spelte inn ein versjon for albumet deira Sugar Tax i 1991. Songen vart òg framført av Señor Coconut y Su Conjunto på El Baile Alemán, eit album av Kraftwerk-songar gjort i latinamerikansk stil. Simple Minds gav i 2001 ut coveralbumet Neon Lights og hadde med songen. U2 spelte òg inn ein versjon av «Neon Lights» for somme versjonar av singelen «Vertigo» i 2004.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Neon Lights» frå , den 28. mars 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Singlar frå 1978 Kategori:Tyskspråklege songar Kategori:Kraftwerk-songar Kategori:Songar skrivne av Florian Schneider Kategori:Songar skrivne av Karl Bartos Kategori:Songar skrivne av Ralf Hütter Kategori:U2-songar Kategori:Simple Minds-songar