Jorunn Aanderaa () er ein norsk forfattar.

Ho har studert litteratur og arbeidd som lærar og i bokhandel og forlag. Aanderaa debuterte med diktsamlinga Hansen på jorden i 1966. Boka har undertittelen Et symfonisk dikt og inneheld grafisk oppstilt poesi og collage-prega dikt. I 1967 kom Tidssignalet og i 1969 Til. Sidan kom det ikkje noko ny utgjeving før i 2012, då Rat-a-tat-tat! kom ut på Flamme Forlag med etterord skrive av Eldrid Lunden.

Bøker 1966 – Hansen på jorden : Et symfonisk dikt 1967 – Tidssignalet : Miniroman 1969 – Til : En samling tekster 2012 – Rat-a-tat-tat! : Nye og gamle dikt

Referansar

Bakgrunnsstoff Bøker av Jorunn Aadenraa digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket

Kategori:Forfattarar frå Nord-Trøndelag Kategori:Folk frå Steinkjer Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1966