Chittagong (bengali চট্টগ্রাম, Chôţţogram) er den nest største byen i Bangladesh, og den største hamnebyen. Han ligg søraust i landet ved munningen av Karnaphuli i Bengalbukta. Han er ein av dei eldste hamnebyane i verda, med ei naturleg hamn som har vore nytta i mange hundreår.
Sjølve byområdet hadde over 3,9 millionar innbyggjarar i 2020. Storbyområdet kring Chittagong hadde over 5,2 millionar innbyggjarar i 2022.
Historie
Det er funne fossil og steinalderreiskapar som tyder på at Chittagong-området har vore folkesett sidan yngre steinalder. Han har vore hamneby sidan gammal tid, med ei dokumentert historie tilbake til 300-talet f.Kr. Hamna blei nemnd på verdskartet til Ptolemaios på 100-talet som ei av dei mest imponerande hamnene i austen. Området høyrde til dei gamle bengalske rika Samatata og Harikela. Den kinesiske reiseforfattaren Xuanzang skildra staden som «ein sovande venleik som stig fram frå skodde og vatn» på 600-talet.
Arabiske handelsfolk kom til Chittagong frå 800-talet av. I 1154 skreiv Al-Idrisi om ei travel handelsrute mellom Basra og Chittagong, slik at byen hadde samband med abbasidehovudstaden Bagdad.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chittagong» frå , den 29. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Bangladesh