Bor (norrønt Búrr eller Borr) er ein skapning i norrøn mytologi som er son av Bure, mannen som blei slikka ut av ein stein av urkua Audhumbla. Han er far til gudane Odin, Ve og Vilje. Mor deira er Bestla, dotter av Boltorn.

Bor si rolle i mytologien er uklar. Han fungerte truleg som eit nødvendig mellomledd i slektslista til Odin, og det finst ingen indikasjon på at han blei tilbeden i norrøn religion.

Bor i norrøn litteratur Bor er nemnd éin gong i Gylfaginning i Den yngre Edda av Snorre Sturlason:

Norrøn tekst: [Búri] gat son þann er Borr er nefndr. Hann fekk þeirar konu er Bestla er nefnd, dóttir Bölþorns jötuns, ok gátu þau þrjá sonu. Hét einn Óðinn, annarr Vili, þriði Vé. Norsk tekst: Han ([Bure]) fekk ein son som heitte Bor. Bor fekk til kone ei som heitte Bestla, dotter åt jotunen Boltorn. Dei fekk tre søner. Den eine heitte Odin, den andre Vile (Vilje), den tredje Vé.(Den yngre Edda, omsett av Erik Eggen, Det norske samlaget, 1973

I skaldedikting og Den eldre Edda blir Odin av og til nemnd som Bors son som ein fast kenning, men det blir ikkje gjeve nokon vidare informasjon om Bor. Han blir også nemnt som far til Odin i Voluspå, vers 4, under namnet Bur:

Áðr Burs synir bjöðum um yppðu, þeir er Miðgarð mæran skópu. Sól skein sunnan á salar steina, þá var grund gróin grœnum lauki.Vers etter Konungsbók og Hauksbók ved notendur.hi.isfør Burs søner baud bøar seg lyfte, dei som Midgard mætan skapte. Sol skein sunnan på steinar i sal, då grodde grunnen med grønan lauk.Edda Sæmundar ved runeberg.orgFør Burs sønner støtte landene opp, de som mektige Midgård skapte; sol skinte sørfra på salens steiner, da grodde grunnen med grønne veksterSteinsland & Sørensen (1999): Voluspå. Oslo: Pax Forlag. ISBN 82-530-2136-4. Side 10

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bor (gud)» frå , den 21. januar 2013.

Kategori:Skapningar i norrøn mytologi