Jalpuh (ukrainsk Озеро Ялпуг) er ein innsjøn Odessa oblast i Ukraina. Han er den største naturlege innsjøen i Ukraina og dekkjer 149 km². Han har ei middeldjupne på berre kring 2 meter og på det djupaste er han 5,5 meter. Heilt i sør har han samband med innsjøen Kugurluj.
Nordsida av innsjøen ligg i Bolhrad rajon, i sørvest ligg Reni rajon og i søraust Izmail rajon.
Den største byen ved breidda av Jalpuh er Bolhrad heilt i nord. Større landsbyar ved breidda er Vynohradivka i nord, Kotlovyna i vest og Ozerne ved søraustbreidda.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yalpug Lake» frå , den 2. september 2012.
Kategori:Odessa oblast Kategori:Innsjøar i Ukraina