Dneprreservoaret (ukrainsk Дніпровське водосховище, Dniprovs'ke vodoskhovysjtsje) er eit reservoar i elva Dnepr i Ukraina. Det ligg i Dnipropetrovsk og Zaporizjia oblast. Det vart skapt i 1932 i samband med Dnepr vasskraftverk.

Reservoaret er 129 km lang og har ei gjennomsnittleg breidd på 3,2 km (7 km på det breiaste) og har ei middeldjupne på 8 meter. På det djupaste er reservoaret 53 meter. I alt inneheld reservoaret 3,3 km³.

Leninsjøen, som strekkjer seg ti kilometer frå munningen av Samaraelva, renn inn i nordenden av reservoaret. Då reservoaret vart bygd vart dei historiske Dneprstryka lagt under vatn.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Dnieper Reservoir» frå , den 2. september 2012.

Kategori:Reservoar bygde i Sovjetunionen Kategori:Reservoar i Ukraina Kategori:Dnipropetrovsk oblast Kategori:Zaporizjzjia oblast Kategori:Dnepr