Cuciurgani (Kutsjurhan på ukrainsk; Kutsjurgan på russisk) er eit stort reservoar i Transnistria i Moldova.

Innsjøen ligg heilt sør i regionen på grensa til Odessa oblast i Ukraina og vassressursane vert delt mellom dei to landa. Han vart demd opp av Kutsjurhan like nord for der ho munnar ut i Dnestr. Reservoaret er 29 km lang og er 3 km brei ved sida av demninga. Det totale vassarealet er 27,2 kvadratkilometer. Før demninga vart bygd var det alt ein liman her i den sørlege delen av Kutshurhandalen.

Cuciurgani er i dag eit populært fritidsområde for innbyggjarane nær Tiraspol, hovudstaden i Transnistria. Kutsjurgan kraftverk nyttar vatn frå reservoaret til avkjøling, og reservoaret vert ikkje nytta til vasskraft.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cuciurgan Reservoir» frå , den 2. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Kart ove rTransnistria Our Waters: Joining Hands Across Borders - First Assessment of Transboundary Rivers, Lakes and Groundwaters , UNECE (2007)

Kategori:Transnistrisk geografi Kategori:Innsjøar i Moldova Kategori:Reservoar i Ukraina Kategori:Den moldovsk-ukrainske grensa Kategori:Internasjonale innsjøar i Europa