Monte Fitzroy, også kjent som Cerro Chaltén, er ein fjelltopp i nærleiken av landsbyen El Chaltén i breområdet Campo del Hielo Sur i Patagonia. Landegrensa mellom Argentina og Chile går over Monte Fitzroy.
Monte Fitzroy vart klatra fyrste gongen i 1952 av to franskmenn, Lionel Terray og Guido Magnone. Fjellet er eit av dei aller mest krevjande å klatre til topps på heile jordkloten.
Fjellet, som er kalla opp etter den britiske sjøfararen Robert FitzRoy, ligg i Los Glaciares nasjonalpark.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Monte Fitz Roy» frå , den 14. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fjell i Chile Kategori:Fjell i Argentina Kategori:Internasjonale fjell i Sør-Amerika Kategori:Den argentinsk-chilenske grensa