Thela Hun Ginjeet er ein song av bandet King Crimson som kom ut i 1981 på albumet Discipline. Songen vart òg gjeven ut som singel med «Elephant Talk» som B-side. Tittelen på songen er eit anagram av «heat in the jungle», som er ein referanse til kriminalitet i byen. Songen er skriven av Adrian Belew, Bill Bruford, Robert Fripp og Tony Levin.

Medan dei fleste av instrumenta spelar i 4/4-takt, spelar Robert Fripp på elektrisk gitar i 7/8-takt i delar av songen, og skapar slik ein uvanleg effekt. I midten av songen kan ein høyre eit stemmeopptak. Dette er Adrian Belew som snakkar om ei oppleving då han vart plaga av rastafariar i London og politiet, medan han prøvde å få opptak til songen ute i gata.

Det vart òg gjevne ut ein 12"-versjon av singelen med ein «dance mix» av songen, og songen «Indispline» i tillegg til «Elephant Talk».

Andre versjonar Les Claypool-bandet Les Claypool's Fearless Flying Frog Brigade spelte songen på albumet Live Frogs Set 1 og fleire gonger på konsertar.

Medverkande Robert Fripp - gitar Adrian Belew - gitar, vokal Tony Levin - bassgitar, Chapman stick, vokal Bill Bruford - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thela Hun Ginjeet» frå , den 14. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:King Crimson-songar Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar skrivne av Adrian Belew Kategori:Songar skrivne av Robert Fripp Kategori:Songar skrivne av Bill Bruford Kategori:Songar skrivne av Tony Levin Kategori:Warner Bros. Records-singlar