Beat er det niande studioalbumet til det britiske rockealbumet King Crimson. Det kom ut i 1982 på E.G. og var det første studioalbumet til King Crimson med identisk besetning som på det førre albumet.
Bakgrunn Albumet fokuserer på 25-årsjubileet for utgjevinga av romanen On the Road av Jack Kerouac. Albumet inneheld fleire referansar til skriveria til Beat-generasjonen: «Neal and Jack and Me» omhandlar Beat-forfatarar der 'Jack' er Jack Kerouac og 'Neal' venen Neal Cassady. Songen «Sartori in Tangier» er basert på tittelen på Kerouac-romanen Satori in Paris, og byen Tangier (Tanger på norsk) i Marokko, der fleire Beat-forfattarar budde og ofte nytta som utgangspunkt for romanane sine. «Neurotica» har same namn som eit magasin frå Beat-tida, Neurotica. Songen «The Howler» referer til Beat-diktet Howl av Allen Ginsberg.
Utgjeving og mottaking
Albumet kom ut 18. juni 1982 og nådde 39. plassen på UK Albums Chart. Trouser Press skreiv at «musikarane presser instrumenta sine inn i ei ny form, på likande vis som i fusion og kunstrock, men milevis frå kvarandre, og lenger bort enn desse skildringane òg.»
Ein ny 5.1-kringlyd-miks av Steven Wilson og Robert Fripp, byrja i 2009 og var ferdig i 2013. Denne kom ut i oktober 2016 i høve 40-årsjubileumsserien av albuma til King Crimson og som ein del av plateboksen On (and off) The Road (1981 - 1984).
Innhald Tekstar av Adrian Belew, bortsett frå «Two Hands» av Margaret Belew; musikk av Belew, Bill Bruford, Robert Fripp og Tony Levin.
40-årsjubileumsutgåva frå 2016
Medverkande Robert Fripp – gitar, orgel, Frippertronics Adrian Belew – gitar, solovokal, ekstra trommer (3, 4) Tony Levin – bassgitar, korvokal, Chapman stick Bill Bruford – trommer, perkusjon
Teknisk Rhett Davies - plateprodusent Graham Davies - utstyr Rob O'Conner - design Tex Read - sosiale tenester Patrick Spinks - manager
Salslister Album ÅrListePlassering1982Billboard Pop Albums52UK Albums Chart39 Singel ÅrSingelListePlassering1982«Heartbeat»Billboard Mainstream Rock57
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Beat (King Crimson album)» frå , den 14. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekstar
Kategori:King Crimson-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:E.G. Records-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album produserte av Rhett Davies Kategori:Engelske new wave-album