Prins Georg Ludvig av Hessen-Darmstadt () var ein feltmarskalk i den austerrikske hæren. Han er kjend for karrieren sin i Habsburg-Spania, som statthaldar i Catalonia (1698–1701), øvstkommanderande i den austerrikske armeen i den spanske arvefølgjekrigen (1701–1705) og guvernør i Gibraltar i 1704. Han vart på spansk kalla Jorge de Darmstadt og på katalansk Jordi Darmstadt.

Tidleg liv Georg Ludvig av Hessen-Darmstadt var fødd i Darmstadt i Hessen i Tyskland i 1669,ProFil: Prince George of Hesse-Darmstadt Han var den tredje sonen til landgreve Ludvig VI av Hessen-Darmstadt. Faren døydde då han var ung, og han voks opp hos mora Elisabeth Dorothea av Sachsen-Gotha. I 1686 utførte han ei danningsreise gjennom Frankrike og Sveits. Som den yngste sonen hadde han liten sjanse til å verte landgreve og var derfor bestemt for ein militærkarriere.

Militærkarriere Først kjempa Georg Ludvig mot tyrkarane under prins Eugene av Savoie. Han var til stades i slaget ved Mohacs. Så vart han med Vilhelm III av Oranien i det irske felttoget. Etter han kom attende konverterte han til katolisisme og vart Generalfeldwachtmeister (generalmajor) i den austerrikske hæren i 1692, berre 23 år gammal.

Han kjempa så mot franskmennene i niårskrigen. I 1695 vart han send av keisaren til Spania for å leie ein arme av 2 000 tyske soldatar for å støtte forsvaret av Catalonia mot den større franske armeen og marinen.

I 1697 forsvarte han Barcelona, som var kringsett av Vendôme på land og admiral D’Estrées til sjøs. Byen overgav seg til slutt etter 52 dagar. Dette var etter ordre frå Madrid og mot ønsket til prins Georg Ludvig.

Seinare liv Etter krigen vart han gjort ære på i Spania og slått til riddar i 1697 av Ordenen av det gylne skinnet. Etter at franskmennene trekte seg ut, vart han statthaldar i Catalonia, og vart i spanske offisielle dokument omtalt som Jorge de Darmstadt. Han lærte seg noko katalansk og starta nokre reformer som gjorde han ganske populær i regionen. I 1699 vart han utpeikt til General der Kavallerie (kavalerigeneral).

I 1700 døydde kong Karl II og vart etterfølgd av franske Filip V. Prins Georg Ludvig vart erstatta i 1701 av ein pro-bourbonsk statthaldar, Luis Antonio Tomás Fernández de Portocarrero, og han reiste attende til Austerrike. Der fekk han ordre frå keisar Leopold om å forhandle fram ein allianse med England og Portugal for å støtte krava til den spanske trona for sonen til Leopold, erkehertug Karl.

Då den spanske arvefølgjekrigen braut ut, vart han øvstkommanderande for dei austerrikske styrkane som støtta erkehertug Karl i Spania. I 1704, under hans kommando, gjekk 1800 nederlandske og engelske marinesoldatar i land nær Gibraltar, tok festninga og forsvarte så staden mot ei spansk-fransk omleiring og fleire påfølgjande åtak. Då kringsetjinga var over i 1705, forlét han Gibraltar og tok kommando over erobringa av Barcelona. Han mista livet den 13. september under storminga av citadellet Montjuich.

Prubs Georg Ludvig vart gravlagd i Església dels Josepets de Gràcia. Hjartet hans vart i 1711 sendt til Darmstadt, der det ligg i Stadtkirche enno. Ei gate i Barcelona er kalla opp etter han: Carrer del Príncep Jordi.

Sjå òg Zemlja Georga, ei øy i Frans Josefs land kalla opp etter prins Georg av Hessen-Darmstadt.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Prince George of Hesse-Darmstadt» frå , den 24. mai 2011. oppgav desse kjeldene:

Georg Ludvig Kategori:Austerrikske feltmarskalkar Kategori:Austerrikarar i den spanske arvefølgjekrigen Kategori:Ordenen av det gylne skinnet Kategori:Statthaldarar i Catalonia