Slaget ved Ramillies var eit stort slag i den spanske arvefølgjekrigen den 23. mai 1706. Møtet vart ein stor suksess for dei allierte styrkane til Dei sameinte Nederlanda, England og deira reservar;Danmark var nøytrale gjennom krigen, men danske soldatar innleigd av Dei maritime maktene var sentrale i suksessen til dei allierte i både Blenheim og Ramillies. slaget kom etter eit år med uavgjorte felttog i 1705, der alliert overmot og nederlandsk nøling etter suksessen deira med slaget ved Blenheim hadde ført til at felttoget langs Moselle vart avbroten, slik at Hertugen av Marlborough måtte avbryte planane sine om å invadere Frankrike. Sjølv om dei allierte ikkje hadde fått ein avgjerande siger, ønskte Ludvig XIV fred, men han ønskte det med gunstige vilkår. Derfor valde dei franske armeane å vere offensive, i staden for å vere på defensiven.

Året 1706 hadde starta bra for generalane til Ludvig XIV, som hadde hatt suksess i Italia og Alsace, der marskalk Villars hadde tvunge markgreven av Baden til å trekkje seg attende over Rhinen. Ludvig pressa no marskalk Villeroi til å finne Marlborough og føre dei allierte i slag i Dei spanske Nederlanda. Den franske marskalken sette derfor ut frå Leuven (Louvain) med 60 000 mann, og marsjerte provoserande mot Zoutleeuw (Léau). Marlborough, som òg ønskte eit storslag, samla styrkane sine, om lag 62 000 mann – nær Maastricht, før han rykte fram mot Mehaigne og sletta ved Ramillies der franskmennene, i påvente av slag, alt hadde sett opp linjene sine.

På mindre enn fire timar vart armeen til Villeroi grundig slått. Dei små taktiske endringane Marlborough gjorde undervegs i slaget gjekk hus forbi for dei franske og bayerske kommandantane før dei skjønte det var for seint. Den fransk-bayerske armeen braut saman og sette i gang ein masseflukt. Etter at prins Eugene vann i Torino nord i Italia, hadde dei allierte påført Ludvig XIV dei største tapa av landområde han skulle oppleve under krigen. By etter by, inkludert Brussel, Brugge og Antwerpen – fall til styrkane til Marlborough og mot slutten av felttoget var den fransk-spanske armeen for det meste driven ut av Dei spanske Nederlanda. 1706 vart eit merkeår for dei allierte.

Bakgrunn Etter det katastrofale nederlaget i Blenheim i 1704 vart det eit pusterom for Frankrike året etter. Hertugen av Marlborough hadde meint å drive felttog i 1705 òg - ein invasjon av Frankrike gjennom Moselledalen - for å fullføre arbeidet i Blenheim og overtale Ludvig XIV til å gjere fred, men planen vart hindra av både ven og fiende.Barnett: Marlborough, s. 140

Dei nederlandske allierte var motvillige til å sjå grensene sine blottlagt for soldatar for eit nytt sjansespel i Tyskland, men langt viktigare var det at markgreven av Baden at han ikkje hadde store styrkar å avsjå for hertugen i det komande felttoget. Dette kom av at styrkane hans vart flytta flytta frå Rhinen for å støtte prins Eugene i Italia, og delvis på grunn av den dårlege helsa til Baden etter ein alvorleg fotskade han pådrog seg under storminga av Schellenberg året før.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 154 I tillegg døydde keisar Leopold I i mai og Josef I tok over trona, noko som gjorde saka vanskelegare for Storalliansen.

Den franske kongen var vanskeleg å knekke og innsatsen til generalane hans gjorde òg tilhøva vanskeleg for Marlborough.Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 18 Marskalk Villeroi la stort press på den nederlandske kommandanten grev Overkirk langs Maas, tok Huy den 10. juni før dei pressa på mot Liège. Med marskalk Villars i ei sterk stilling ved Moselle vart den allierte kommandanten, som no hadde kritisk lite forsyningar, tvungen til å avbryte felttoget den 16. juni. «For ein skam for Marlborough», hoverte Villeroi, «å ha gjort falske rørsler utan resultat!»Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 157 Då Marlborough drog nordover kunne franskmennene no flytte soldatane sine frå Moselldalen for å forsterke styrken til Villeroi i Flandern, medan Villars marsjerte til Rhinen.Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 298

Den engelsk-nederlandske styrken fekk litt igjen for det mislukka felttoget i Moselle med sigeren i Elixheim og kryssinga av Brabant-linjene i Dei spanske Nederlanda. Huy vart òg gjenerobra den 11. jul, men på grunn av mykje nøling og motvilje hos nederlendarane forsvann sjansen til å føre franskmennene ut i eit avgjerande slag for Marlborough.Barnett: Marlborough, s. 152 1705 hadde nesten vore heilt resultatlaust for hertugen, og vart berre kompensert på den diplomatiske fronten der han ved hoffa i Düsseldorf, Frankfurt, Wien, Berlin og Hannover, prøvde å auke støtta for Storalliansen og få lovnader om rask støtte for felttoget året etter..Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 164

Opptakt Den 11. januar 1706 kom Marlborough omsider til London mot slutten av den diplomatiske reisa si, men han hadde alt planlagt strategien for det komande felttoget. Det første valet (sjølv om det er omdiskutert kor villig hertugen var til dette) var å overføre styrkane hans frå Dei spanske Nederlanda til Nord-Italia, og der slå seg saman med styrken til prins Eugene for å slå franskmennene og trygge Savoie frå å verte erobra.Barnett: Marlborough, s. 158 Savoie ville så tene som ein inngangsport til Frankrike over fjellovergangane, eller, som eit alternativ, ein invasjon med marinestøtte langs kysten av Middelhavet via Nice og Toulon i samhandling med dei allierte i Spania.Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 102. Det ser ut til at hertugen heller ønskte å returnere til MoselledalenChandler: Marlborough as Military Commander, s. 169 – der marskalk Marsin nyleg hadde teke over kommandoen over dei franske styrkane - og prøvde på ny og nå hjarte av Frankrike. Desse avgjerslene vart snart teoretiske for kort tid etter at Marlborough gjekk i land i Dei sameinte Nederlanda den 14. april, kom meldingane om store tilbakeslag for dei allierte i krigen.

mini|venstre|Den allierte øvstkommanderande John Churchill, 1. hertug av Marlborough (1650–1722) av Godfrey Kneller.

Ludvig XIV ønskte å vise Habsburg og deira allierte at Frankrike framleis var å rekne med, og førebudde to overraskande åtak i Alsace og Nord-Italia.Barnett: Marlborough, s. 159 I Italia slo marskalk Vendôme den 19. april keisararmeen i Calcinato, og pressa dei attende i stor uorden. Dei franske styrkane var no i stilling ti å førebu den lenge venta omleiringa av Torino. I Alsace kom marskalk Villars overraskande på markgreven av Baden og erobra Haguenau, og dreiv han attende til Rhinen i noko uorden, og slik trua Landau.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 168 Med desse tilbakeslaga nekta no nederlendarane å reise med Marlborough i ein marsj til Italia, eller delta i andre planar som tok styrkar bort frå grensene deira.Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 33 For å halde roen i koalisjonen førebudde Marlborough derfor eit felttog i Nederlanda.

I rørsle Hertugen forlet Haag den 9.mai. «Gud må vite at eg dreg med tungt hjarte», skreiv han seks dagar seinare til venen og den politiske allierte i England, Lord Godolphin, «for eg har ikkje håp om å oppnå særleg, med mindre franskmennene gjer det eg er ganske sikker på dei ikkje kjem til å gjere» - med andre ord prøve å oppnå eit slag.Barnett: Marlborough, s. 160 Den 17. mai samla hertugen dei nederlandske og engelske soldatane sine ved Tongeren, nær Maastricht. Hannovarane, hessarane og danskane hadde, eller dikta opp, forskjellige årsaker til å trekke støtta si. Marlborough skreiv ei appell til hertugen av Württemberg, kommandanten for den danske kontingenten – «eg sender deg dette for å bed deira høgheit å sende kavaleriet ditt til oss så raskt som mogeleg …»Falkner: Ramillies 1706: Year of Miracles, s. 38 I tillegg heldt kongen i Preussen soldatane sine i forlegning bak Rhinen medan han hadde uløyste personlege stridar med Wien og Generalstatane. Hertugen kunne likevel ikkje tenkje seg at franskmennene ville forlate den sterke stillinga si for å angripe armeen hans, sjølv om Villeroi først vart forsterka med soldatar under Marsin.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 170 Men han tok feil. Sjølv om Ludvig XIV ønskte fred, ønskte han gunstige vilkår, og for å oppnå dette trengde han ein siger på slagmarka, og overbevise dei allierte om at han ikkje hadde lite ressursar.Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 103

Etter suksessane i Italia og langs Rhinen, håpte no Ludvig XIV på liknande resultat i Flandern. I staden for å halde forsvarsstillinga - og ukjend for Marlborough – egga Ludvig XIV stadig marskalken sin til kamp. «[Villeroi] byrja å tru», skreiv St Simon, «at kongen tvilte på motet hans, og bestemte seg for å sette alt på spel for å hevde seg sjølv».Saint-Simon: Memoirs, vol i, s. 298 Villeroi sette derfor ut frå Leuven den 18. mai føre 70 bataljonar, 132 skvadronar og 62 kanonar - ein styrke på om lag 60 000 soldatar - og kryssa elva Dyle for å søke eit slag med fienden. Han fekk stadig meir tru på at han var ein betre general enn motstandaren og Versailles ønskte å hemne Blenheim. Villeroi og generalane hans venta derfor suksess. Villeroi var overtydd om at Marlborough hadde vunne slaget ved Blenheim med lykke.

mini|Kart over Nederlanda under den spanske arvefølgjekrigen. Landsbyen Ramillies ligg nær Mehaigne, ei sideelv til Maas..

Ingen av motstandarane venta eit slag der og då det skjedde.Chandler: Marlborough as Military Commander, s. 172 Franskmennene flytta først til Tirlemont, (for å true Zoutleeuw, som franskmennene forlet i oktober 1705), før dei vendte sørover, på veg mot Jodoigne – denne marsjruta tok armeen til Villeroi langs det smale, tørre området mellom Mehaigne og Petite Gheete, nær landsbyane Ramillies og Taviers; men ingen av kommandantane forstod kor langt motstandaren hadde reist. Villeroi trudde (den 22. mai) at dei allierte framleis var ein dagsmarsj unna då dei faktisk hadde slått leir nær Corswaren der dei venta på at dei danske skvadronane skulle ta dei att. Marlborough trudde at Villeroi framleis var i Jodoigne då han i røynda nærma seg platået Mont St. André for å slå leir nær Ramillies (sjå kartet til høgre). Det prøyssiske infanteriet var ikkje der. Marlborough skreiv til Lord Raby, engelskmannen i Berlin; «Om Gud vil gje oss siger over fienden, vil ikkje dei allierte stå mykje i teneste for kongen [Fredrik] for suksessen.»Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 104

Dagen etter, kl. 01:00, sende Marlborough ut Cadogan, generalintendanten sin, med ein fortropp for å rekognosere same området som Villeroi no var på veg til, landområde som var velkjend for hertugen frå tidlegare felttog. To timar seinare følgde hertugen etter med hovudarmeen: 74 bataljonar, 123 skvadronar, 90 kanonar og 20 bombekastarar, totalt 62 000 soldatar.Barnett: Marlborough, s. 161 Kring 08:00, etter Cadogan akkurat hadde passert Merdorp, fekk styrken hans ei kort møte med franske hussarar som henta fôr ved enden av Jandrenouille-platået. Etter nokre skotvekslingar trekte franskmennene seg attende og dragonane til Cardigan pressa framover. Då disen klårna eit kort augneblink oppdaga Cadogan dei ordna linjene til framtroppen til Villeroi om lag 6 km lenger framme. Eit sendebod vart sendt i all hast attende til Marlborough for åtvare han. To timar seinare reid hertugen, i lag med den nederlandske feltkommandanten Veldt Marshal Overkirk, general Daniel Dopff opp til der Cadogan var, og i horisonten i vest kunne han skjelne dei store rekkjene til den franske armeen, som gjorde seg klar for slag langs den 6 km lange fronten. Marlborough sa seinare til biskop Burnet at «eg har aldri tidlegare sett den franske armeen sjå så bra ut».Trevelyan: England Under Queen Anne: Ramillies and the Union with Scotland, s. 106

Slaget Slagmarka