Iver Olsen Svenneby () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Våler i Hedmark.

Far hans var gardbrukar i Våler. Sjølv gjekk han underoffisersskule og var i åra 1807-13 sersjant ved livgarden i København. Han kjøpte sidan garden Lundeby i Våler, der han budde frå 1820. Svenneby var valmann 1829-49 og medlem av heradsstyret i Våler 1837-56.

Svenneby representerte Hedemarkens amt på Stortinget i 1830 og 1833. Begge gongane var han medlem av komiteen for gasjar, pensjonar, budsjett- og skattestell.

Han døydde på garden sin i Våler i 1856.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Våler i Innlandet