Nils Christensen Ringnæs () var ein norsk lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Stange i Hedmark. Even Christensen Ringnæs var bror hans.

Far hans var gardbrukar og gardeigar. Sjølv vart han i 1823 kontorist hos sorenskrivaren i søre Hedemarken, to år seinare fullmektig hos amtmannen i Hedemarken. Frå 1830 til 1858 var han lensmann i Stange, og frå 1838 gardbrukar på garden Dælin. Han var medlem av forlikskommisjonen 1850-53, slutta grunna svekka syn.

Ringnæs representerte Hedemarkens amt på Stortinget i 1842 og 1845. Han var medlem av justiskomiteen på begge tinga. I 1845 vart han medlem av Lagtinget frå 26. mars, men fekk ikkje sete i riksretten då den tiltala skaut han ut.

Han døydde på garden sin i Stange i 1873.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Stange