Kristian Halvorssen Svenkerud () var ein norsk lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Åsnes i Hedmark. Han var farfar til Otto H. Svenkerud.
Han var son til ein gardbrukar på Sjøli i Åsnes. Sjølv var han 1817-24 skulehaldar i Våler og heldt 1835-39 privatskule i same bygda. I 1824 kjøpte han garden Svenkerud i Våler og var gardbrukar der.
Svenkerud var medlem av heradsstyret 1838-73, fråteke to år. Han var ordførar i 18 år, samt forlikskommissær. Åra 1861-72 var han sparebankdirektør. Valmann var han 1838-76.
Han representerte Hedemarkens amt på Stortinget 1839-42 og 1848-51. I 1839 var han medlem av komiteen om militærutgifter, både i 1842 og 1848 av militærkomiteen. På sitt siste storting, 1851, var han medlem av Lagtinget, militærkomite nr 1 og av trykkekomiteen.
Han døydde på garden sin i Våler i 1886.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Våler i Hedmark Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Åsnes Kategori:Folk frå Våler i Innlandet