Anne Tingelstad Wøien () er ein norsk lærar og politikar frå Senterpartiet. Ho var vald inn på Stortinget frå Oppland fylke i 2009 til 2017.
Wøien tok allmennlærarutdanning ved Sagene lærarhøgskole 1987–1990. Seinare utdanning innan høvesvis 5–10-årspedagogikk 1996–1997 og pedagogisk arbeid på småskuletrinnet 1997–1998, begge ved Høgskolen i Telemark. Wøien var lærar i Gran kommune 1990–2003, og øvingslærar ved Høgskolen i Hedmark 2000–2003.
Ho var skulepolitisk sekretær i Senterungdommen 1989–1990, og deretter leiar i Oppland Senterungdom 1990–1991. Medlem av Gran formannskap 1995–2003, og medlem av Oppland fylkesting 2003–2005. Politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet 2005–2007, og i Samferdselsdepartementet frå 2007. 1. vararepresentant til Stortinget 2005–2009, vald inn på fast basis frå 2009.
1. mars 2021 blei Tingelstad Wøien tilsett som daglig leiar i Folkehøgskolerådet.
Stortingskomitear 2009–2013: Medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 2009–2013: Medlem i Fullmaktskomiteen 2009-13: Medlem i Den særskilte komité til å behandle redegjørelse fra justisministeren og forsvarsministeren i Stortingets møte 10. november 2011 om angrepene 22. juli 2013–17: Andre nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 2013–17: Medlem i Fullmaktskomiteen
Bakgrunnsstoff Anne T. Wøien hos Stortinget
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Gran Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017