Olaf Michael «Olemic» Thommessen () er ein norsk advokat og politikar frå Høgre. Han har sete på Stortinget for Oppland fylke sidan 2001, og er medlem av Stortingets familie- og kulturkomité. Thommessen er Høgres talsperson for saker innan kultur, medium, barn, familie, og likestilling. Han var leiar i Lillehammer Høgre frå 1986 til 1991, medlem i Lillehammer kommunestyre frå 1987 til 1995, og leiar i Oppland Høgre frå 1991 til 2001. Frå oktober 2013 til august 2018 var Thommessen stortingspresident.Aftenposten.no: Olemic Thommessen blir ny stortingspresident

Bakgrunn og yrkeskarriere Thommessen vart fødd på Lillehammer i 1956, som son av kapteinen Rolf Thommessen (fødd 1930) og skodespelaren og forlagsredaktøren Mona Margareth Lie (fødd 1931). Sjølv om Thommessen er døypt Olaf Michael, er han vorten kjent under kallenamnet Olemic. Han gjekk på Søre Ål skole frå 1963 til 1970, og Slemmestad ungdomsskole frå 1970 til 1972. Han gjekk deretter ved Stabekk gymnas inntil 1975, og avla examen philosophicum ved Universitetet i Oslo i 1976. Han avla seinare juridisk embetseksamen, med opphavsrett som spesialfag, på same stad i 1983. Thommessen var advokatfullmektig frå 1983 til 1985, då han vart partner i advokatfirmaet Eggen & Thommessen.

I 1990 vart han avdelingsleiar for seremoniane under Lillehammer-OL, var direktør i Kulturarrangement Lillehammer frå 1994 til 2001 og operasjef for Ringsakeroperaen frå 2000 til 2001. Han har vore engasjert innan amatørteater, og har skrive eit teaterstykke sjølv. Thommessen var styreleiar i Lillehammer Amatørteater frå 1984 til 1990, og styreleiar i Norsk Amatørteaterråd frå 1989 til 1992. Han har også hatt ei rekkje andre styreverv i organisasjonar og næringsliv.

Politisk arbeid Thommessen vart vald til leiar i Lillehammer Høgre i 1986, og vart vald inn i kommunestyret og styret i Oppland Høgre året etter. I 1991 vart han vald til leiar i Oppland Høgre, og sat med dette vervet inntil 2001, og var slik også sentralstyremedlem i Høgre i ti år. Thommessen var 2. vararepresentant til Stortinget frå 1993 til 1997. Han vart vald inn på eige mandat i 2001, og er seinare vald på nytt i 2005 og 2009.

Bibliografi 2005 – Mot Gulating, Furiosa Forlag 2007 – Utvalgt, teaterstykke

Stortingskomitear 2009–2013 medlem av Familie- og kulturkomiteen 2009–2013 medlem av Valkomiteen 2005–2009 medlem av Familie- og kulturkomiteen 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen

Bakgrunnsstoff

Olemic Thommessen hjå Høgre

Kjelder

Kategori:Norske advokatar Kategori:Folk frå Lillehammer Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingspresidentar