Thorleif Haug () var ein norsk skilaupar fødd i Lier. Han vert halden for å ha vore den beste skilauparen i verda rundt 1920 og då dominerte han i både langrenn og kombinert, attåt at han gjorde seg gjeldande i hopp. I dei fyrste olympiske vinterleikane i 1924 i Chamonix tok han tre gullmedaljar (18 km, 50 km og kombinert). Haug vann femmila i Holmenkollrenna heile seks gonger, noko ingen andre har klart verken før eller seinare. I 1919, 1920 og 1921 vann han både kombinerttevlinga og 5-mila. I 1919 fekk han Holmenkollmedaljen saman med Otto Aasen. Thorleif Haug var medlem i Drafn. Av yrke var han røyrleggjar. Han døydde av lungebrann berre førti år gammal. I 1946 vart det sett opp ein statue av Haug i Drammen, denne er laga av bilethoggaren Per Palle Storm.

OL-medaljar 1924 - Chamonix - 16px|Gull Gull i langrenn 18 km 1924 - Chamonix - 16px|Gull Gull i langrenn 50 km 1924 - Chamonix - 16px|Gull Gull i kombinert

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske skihopparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1924 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1924 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1924 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1924 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1924 Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Noregsmeistrar i langrenn Kategori:Folk frå Lier