mini|Ulike sekssida terningar mini|Terningsett for rollespel der terningane har ulikt tal sider.

Ein terning (norrønt ten(n)ingr, truleg frå lågtysk terninc, av latin quaternio, 'firar' i terningspel) er ein kubeliknande gjenstand ein kan bruka i spel for å få tilfeldige resultat. Dei vanlegaste terningane har seks sider, men det finst også andre utformingar.

Ein rett utforma terning skal ha like stort sannsyn for å landa på kvar side, og bør derfor vera laga av homogent materiale.

Det er eit ulikt symbol på kvar flate. Vanlegvis svarer symbola til tala 1, 2, 3, 4, 5 og 6, slik at flata med i og flata med 6 - i står rett ovanfor kvarandre på terningen.

Det er funne kubeforma terningar frå det gamle Egypt i graver. Dei gamle grekarane hadde ein firkanta terning kalla astragalus. Ein terning er vanleg å bruka i ulike spel, som hundre, ludo, yatzy og Settlers.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Spelutstyr Kategori:Geometri Kategori:Ord frå norrønt