«Money» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skrive av Roger Waters og vart gjeve ut på singel i USA der han gjekk inn på Topp 20 på singellista.
Komposisjon «Money» er kjend for å ha ein takt i 7/4 (men gitaristen David Gilmour omtalar takten som 7/8 i ein dokumentar om korleis dei laga Dark Side of the Moon). Dei aller fleste rockesongar går i ein 4/4 takt, og av og til 3/4. Under gitarsoloen skiftar derimot takten til 4/4, før han kjem tilbake igjen til 7/4 etter soloen. Dette vart gjort fordi Gilmour meinte det ville bli for komplisert å lage ein solo i 7/4. Kritikarar har kommentert at denne dynamiske endringa (tempoet er det same, men endringa til 4/4 får songen til å høyrast raskare ut) er ein av styrkane til songen.
I lag med The Beatles sin song «All You Need is Love» er desse to songane dei einaste hitsinglane i USA som er skrivne i 7/4 takt.
Soge
Songen vart laga i eit mellombels platestudio i hageskuret til Roger Waters, og Waters har skildra den originale demoen som «overpertentleg og svært engelsk», i staden for den bluesaktige og transatlantiske kjensla i albumversjonen. Songen er tilskriven Waters aleine sidan han skreiv hovudmelodiane og teksten, men er eigentleg eit gruppearbeid, og spesielt instrumentalpartiet vart laga av heile bandet.
«Money» vart spelt inn på ny i 1981 for samlealbumet A Collection of Great Dance Songs, fordi Capitol Records nekta og gje frå seg lisensen til songen til Columbia Records i USA. På grunn av dette spelte David Gilmour inn heile songen aleine, det vil sei alle trommene, gitarane, tangentinstrumenta, bassgitaren og vokalen, og produserte han i lag med James Guthrie. Dick Parry spelte derimot saksofon slik han hadde gjort på originalen.
Pink Floyd spelte songen svært mykje på konsertar, og han var stort sett ein del av programmet på alle turnéane bortsett frå The Wall-turneen. Både Gilmour og Waters har i tillegg spelt songen mykje på sine soloturnear.
Fakta I midten av songen «The Happiest Days of Our Lives» i filmutgåva av The Wall er det ein kort pause i musikken der læraren til hovudpersonen Pink les høgt og hånar eit av Pink sine dikt. Delen han les ut er ein del av teksten til «Money»: «Money get back, I'm all right Jack, Keep your hands off of my stack. New Car, Caviar, Four-Star Daydream, Think I'll Buy Me A Football Team.»
Andre versjonar Både P*U*L*S*E og Delicate Sound of Thunder har konsertversjonar av songen. På Delicate Sound... er songen litt lengre for å få plass til fleire soloar. Roger Waters spelte ein versjon av songen som kom på konsertalbumet In the Flesh: Live. Songen vart spelt på Live 8-konserten i London i 2005. Songen vart òg gjeve ut på samleplatene A Collection Of Great Dance Songs og Echoes: The Best of Pink Floyd.
Medverkande Pink Floyd David Gilmour – solovokal, elektrisk gitar Roger Waters – bassgitar, lydbandeffektar Richard Wright – Wurlitzer elektrisk piano (med wah-wah pedal) Nick Mason – trommer, lydbandeffektar
Studiomusikar Dick Parry – tenorsaksofon
Salsliste
Vekeslister Liste (1973) PlasseringCanada RPM 100 Singles 18Austerrike10Tyskland49Spania (AFE)10USA Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - 13 USA Cash Box Top 10010 Liste (1981) Plassering US Billboard Top Tracks 37
Årslister Liste (1973)PlasseringCanadahttp://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/item.aspx?IdNumber=9481& Bac-lac.gc.ca157US (Joel Whitburn's Pop Annual)111US Cash Box85
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Money (Pink Floyd song)» frå , den 17. februar 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Melding frå AMG
Kategori:Pink Floyd-songar Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar produserte av David Gilmour Kategori:Songar produserte av Roger Waters Kategori:Songar produserte av Richard Wright Kategori:Songar produserte av Nick Mason Kategori:Harvest Records-singlar Kategori:Songar om fattigdom