Mladá Boleslav okres er eit distrikt (tsjekkisk okres, fleirtal okresy) i regionen Sentral-Böhmen i Tsjekkia. Det ligg nord i regionen og grenser i nord mot Liberec kraj, i aust mot Hradec Králové kraj.
Administrativ inndeling Distrikta vart avvikla som administrative einingar i 2003, men dei har framleis ein funksjon for aktivitetane til ulike etatar og for statistiske føremål. Det administrative ansvaret til distrikta vart ført over til administrative område til kommunar med utvida fullmakter (tsjekkisk správní obvody obcí s rozšířenou působností, forkorta SO ORP).
Dei administrative områda til kommunar med utvida fullmakter i Mladá Boleslav okres:
Mladá Boleslav SO Mnichovo Hradiště SO
Folketal i distriktet Folketalet i distriktet i dei siste folketeljingane: Folketal 2001 Folketal 2011 Folketal 2021 Mladá Boleslav SO 98 030 107 522 110 917 Mnichovo Hradiště SO 15 211 16 137 17 984 Mladá Boleslav okres 113 241 123 659 128 901
Byar i distriktet Tabellen viser bykommunane i distriktet. Bykommunar med utvida fullmakter er utheva. By Folketal 2021 Mladá Boleslav 42 536 Mnichovo Hradiště 8 737 Benátky nad Jizerou 7 445 Kosmonosy 5 143 Bakov nad Jizerou 4 976 Bělá pod Bezdězem 4 725 Dobrovice 3 494 Dolní Bousov 2 857
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Distrikt i Tsjekkia Mlada Boleslav