mini|Helleristningar frå bronsealderen på Ydstines i Stjørdal Helleristingane på Ydstines i Stjørdal kommune i Trøndelag er ei gruppe helleristingar av typen jordbruksristingar frå bronsealderen. Dei vart først undersøkte omkring 1860, og blir rekna som det første helleristingsfeltet som vart oppdaga i Trøndelag. Motiva på feltet er båtar, fotsolar, skålgroper og ulike typar spiralar og sirklar.

Ein særleg figur er «solbåten»; ein båtfigur der akterenden er erstatta med ein ring med ei midtgrop. Ringen blir tolka som eit solsymbol, og figuren kan vere eit uttrykk for ein tanke om at sola vart skipa/frakta over himmelkvelvinga.

Staden og funnet miniatyr|venstre|Theodor Petersen sine registreringar frå 1929. Staden ligg ved den gamle ferdselsvegen gjennom dalføret, mellom gardane By og Berg/Berri. Her gjekk den gamle vegen over ein åsrygg eller eit dalnes, fordi elva tidlegare gjekk heilt inntil berget. Feltet har sannsynlegvis vore kjent lokalt i lang tid før det vart kjent for forskinga og ei større allmente, sidan det ligg like ved den dåverande bygdevegen og husmannsplassen Nesaunet.

Området vart først undersøkt i 1863 av Oluf Rygh og seinare av Gustaf Hallström i 1907 og Karl Ditlev Rygh i 1908, alle arkeologar. Sjølv om Bølareinen hadde blitt oppdaga i 1842, var han ikkje med i dei tidlegaste oversiktene over helleristingar i Trøndelag,O Rygh 1873K Rygh 1880 og Ydstines vart rekna som det første helleristingsfeltet som vart oppdaga i Trøndelag.

Karl Rygh skildra i 1880 feltet som «100 runde gruber … dyrefigurer … og nogle av de sedvanlige skibsfigurer.» I ein oversiktsartikkel om «Hällristningarna kring Trondhjemsfjorden», der han nemnde Ydstines, gjenga Hallström ei teikning av «solbåten».Hallström 1907 I oversiktsartikkelen sin frå 1908 viste Karl Rygh til registreringane til broren Oluf Rygh frå 1863, og skreiv at han sjølv også hadde vitja staden. Då var området overgrodd, med svake ristingsspor, og han meinte det ville bli vanskeleg å undersøkje. Rygh viste vidare til figuren som Hallström hadde gjengitt, og spekulerte i om det kunne vere ei «vogn». Rygh avslutta med at «Dette ristningsberg har vist været overordentlig rigt, og endnu vil vel meget kunde gjenfindes.»K Rygh 1908

Det var først då arkeologen Theodor Petersen frå Vitskapsmuseet gjorde grundigare undersøkingar i 1929, at den fulle utstrekninga til feltet vart kjend. Petersen rakk likevel aldri å publisere registreringane herfrå.

I nærleiken av feltet finst Skrivarberget, med ei runeinnskrift frå mellomalderen som først vart undersøkt i 1812/1815 av offiseren og historikaren Lorentz Diderik Klüwer.

Skildring av figurane Ristingane ligg ved foten av ein låg bergknaus, og ristingsflata på hovudfeltet er sørvend. Ho er 20 meter brei og eit par meter høg. På midtpartiet er den dekorerte bergflata fem meter høg.Sognnes Det levende berget 1999 Hovudfeltet er brote opp av naturlege sprekker i berget. Bergflata har varierande hellingsgrad, somme stader 30° og andre stader 40°. Det er eitt av dei største felta i Trøndelag, med om lag 500 figurar. I tillegg til hovudfeltet (Ydstines I) finst det nokre andre mindre felt og bergflater i området rundt.

Det sentrale hovudfeltet inneheld figurar av båtar, fotspor, ringfigurar med groper i, og enkle groper.Leirfall 1970 Båtfigurane er av ulike stilhistoriske typar: «Bjørngård-typen», «Bardal-typen» og «Røkke-typen». Ein stad finst det ei svak risting av noko som ser ut som menneske som står på rad.

Ein av båtfigurane skil seg ut ved at akterenden på båten er markert med ein ring med ei midtgrop, medan framenden er ein vanleg båtfigur av hjortspringbåt-typen. Figuren har blitt omtalt som ein «solbåt»,Petersen 1926 og kan sjåast som eit uttrykk for førestillinga om at menneska i bronsealderen såg føre seg ein farkost som frakta sola gjennom dagen og natta.

Eit særtrekk blant motiva på Ydstines, som ikkje finst på mange andre bergkunstfelt i Trøndelag, er figurar som viser dyrespor. Det er spor etter partåa hovdyr, og professor i arkeologi Kalle Sognnes meiner at dei representerer elg.

I boka si Det levende berget (1999) omtalar fire hovudtypar av båtar eller båtformer i helleristingar.Sognnes Det levende berget 1999, s 33-37 Boka var meint for eit allment publikum. I meir faginterne publikasjonar har Sognnes skildra meir detaljerte typologiar over båtformer. Hammer-typen, som har store likskapar med Hjortspringbåten, har doble stamnar (eller to framspring) både framme og bak. Har namn etter Hammer-feltet i Steinkjer. Bardal-typen liknar på Hammer-typen, men manglar den oppsvingde bakstamnen. Har namn etter Bardalfeltet i Steinkjer. Bjørngård-typen blir stundom kalla «bønneforma», og overgangen frå kjølen til relinga er markert med ein jamn boge. Har namn etter Bjørngårdfeltet i Stjørdal. Røkke-typen har rektangulært skrog og stavnar som stikk opp over relinga. Skroget er fylt med loddrette stamnar. Framstaven er loddrett, medan bakstaven kan gå på skrå ut frå relinga. Har namn etter Røkke-feltet i Stjørdal. Evenhus-typen er ein variant av Røkke-typen, der skroget er tomt, og fram- og bakstamnen ikkje stikk særleg opp over relinga. Har namn etter Evenhus-feltet på Frosta.

Oversyn og tolkingar miniatyr|«Solbåten» har Hjortspring-stamn, fem mannskapsstrekar og eit antatt solsymbol i akterenden. miniatyr|Ristingsflata er delt opp av naturlege sprekker i berget.

Det er semje om at bergkunsten frå bronsealderen var knytt til jordbruket, og til ritual og kultus som hang saman med jordbruket.Ydstines-feltet vart av Sognnes rekna som eitt av dei tidlegaste bergkunstfelta i Stjørdal, saman med Røkke, Auran og Leirfall. Sognnes skreiv at «på disse stedene kan det ha blitt laget 'jordbruksristninger' gjennom 2000-2500 år.»

I bergkunsten i Stjørdalen frå bronsealderen og jarnalderen er det mogleg å sjå eit mønster som helleristingane på Ydstines inngår i. Bergkunstfelta ligg i grupper på 2–8 felt. Mellom midtpunkta i desse gruppene er det ei ganske jamn avstand på halvannan til to kilometer, og Ydstines ligg mellom ei klynge av felt i Hegra i aust og ei tilsvarande klynge i Skatval i nordvest.Sognnes Kulturlandskap, bergkunst … 1983

Dette kan tolkast som ein struktur som er forma av at bronsealderen sine jordbruksristingar og heilagstader var knytte til kvar enkelt busetnad.Sognnes 2005Sognnes Helleristninger i Stjørdal. 2 1983Sognnes 1996

Sognnes skreiv at «Det kan synes som om hver bosetningsenhet hadde sine ristninger – sine hellige bergflater»,Sognnes 2000 og at «hver av gruppene hadde sine berg med helleristninger, der de kunne utgjøre nødvendige ritualer.»Sognnes Helleristninger i Stjørdal 1999 Han meinte også at desse helleristingsfelta, som var knytte til kvar si busetjing, kunne sjåast som parallellar til gravfelta ved gardane frå jarnalderen, og at det kunne vere snakk om ein «anekult» og om «ritualer eller religiøs dyrkelse på gårds- eller familienivå.»

Området i dag Feltet inngår i Trøndelag fylkeskommune sitt formidlingsprosjekt Bergkunstreisen.Helle Vangen Stuedal. «Bergkunstreisen i Trøndelag»; Spor; 2020, nr 2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Helleristingsområdet på Ydstines» frå , den 2. september 2026.

Litteratur

Christiania Videnskabs-Selskabs Forhandlinger

(1907). «Hällristningarna kring Trondhjemsfjorden». Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs skrifter 1907 Gjenutgitt i antologien Gjenutgitt i antologien Også som særtrykk:

Bakgrunnsstoff

Ydstines Kategori:Kulturminne i Stjørdal