Ein lovbestemt by (tsjekkisk statutární město) i Tsjekkia er ein kommune som har fått bystatus gjennom eit lovvedtak i parlamentet. Berre nokre få av dei største byane har fått slik status, til skilnad frå ein vanleg by (tsjekkisk mesto) som kan opprettast av regjeringa eller parlamentspresidenten etter søknad.
I alt er det no (2026) 26 lovbestemte byar i Tsjekkia. Hovudstaden Praha blir rekna som ein de facto lovbestemt by. 13 byar blei oppretta gjennom lovvedtak i 1990, medan resten er etablert gjennom «Lov av 15.05.2000 om kommunar (kommunal organisering) med seinare endringar.
Liste By Region (kraj) Lovbestemt by frå Praha Praha Brno Sør-Mähren 1990 Ostrava Mähren-Schlesien 1990 Plzeň Plzeň 1990 Liberec Liberec 1990 Olomouc Olomouc 1990 České Budějovice Sør-Böhmen 1990 Hradec Králové Hradec Králové 1990 Pardubice Pardubice 1990 Ústí nad Labem Ústí nad Labem 1990 Zlín Zlín 1990 Kladno Sentral-Böhmen 2000 Havířov Mähren-Schlesien 1990 Most Ústí nad Labem 2000 Opava Mähren-Schlesien 1990 Jihlava Vysočina 2000 Frýdek-Místek Mähren-Schlesien 2006 Teplice Ústí nad Labem 2003 Karlovy Vary Karlovy Vary 1990 Karviná Mähren-Schlesien 2003 Mladá Boleslav Sentral-Böhmen 2003 Chomutov Ústí nad Labem 2006 Jablonec nad Nisou Liberec 2012 Děčín Ústí nad Labem 2006 Prostějov Olomouc 2012 Přerov Olomouc 2006 Třinec Mähren-Schlesien 2018
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Statutory city (Czech Republic)» frå , 2. september 2026.
Kategori:Administrative inndelingar i Tsjekkia