Pinellas er ei halvøy som ligg omtrent halvvegs nedover vestkysten av Florida. Ho dannar den vestlege grensa til Tampa Bay og omfattar det meste av Pinellas County. Byen Pinellas Park ligg sør på Pinellas. Halvøya grensar mot Pasco County i nord, Hillsborough County i nordaust og har kyst mot Tampa Bay i aust og sør. I vest ligg skipsleia Intracoastal Waterway og Mexicobukta. Pinellashalvøya har samband til Manatee County i sør via brua Sunshine Skyway Bridge, og er knytt til Hillsborough County i aust via bruene Courtney Campbell Causeway, Howard Frankland Bridge og Gandy Bridge.

Namnet «Pinellas» er avleidd frå punta pinal (‘furunes’). Den fyrste europearen som vitja staden var Pánfilo de Narváez i 1528. I dag er halvøya sterkt urbanisert. Pinellas County er det tettast folkesette fylket i Florida. Det har 3 347 innbyggjarar per kvadratkilometer. Halvøya var tidlegare vidkjend for dyrelivet sitt, inkludert amerikansk svartbjørn, floridapanter og mange fugleartar.

Historie Då europearar fyrst nådde Pinellas, var Tampa Bay-området folkesett av folk frå Safety Harbor-kulturen. Denne kulturen var delt inn i hovdingdømme. Eit dokumentert hovdingdømme her var Tocobaga, som hadde ein by og ein stor tempelhaug med utsyn over Safety Harbor ved den noverande byen Safety Harbor.

Tidleg på 1500-talet kom spanske conquistadorar til Florida og byrja sakte å utforska området, inkludert Tampa Bay. I 1528 gjekk Pánfilo de Narváez i land på Pinellas. 10 år seinare skal Hernando de Soto ha utforska Tampa Bay-området. Tidleg på 1700-talet var Tocobaga blitt så godt som utviska som følgje av innførte europeiske sjukdommar som koppar og europeiske konfliktar som Dronning Anne-krigen. Etter å ha bytta herredøme mellom det britiske og det spanske imperiet fleire gongar gav Spania endeleg avkall på Flordia gjennom Adams-Onís-traktaten i 1821, og området blei del av USA: I 1823 grunnla den amerikanske hæren Fort Brooke (seinare byen Tampa).

Dei fyrste europeiske busetjarane i området inkluderte Antonio Maximo Hernandez, familien McMullen og forretningsmannen Odet Philippe. Maximo Point er staden der Maximo hadde ein fiskeleir, og etterkomarar av McMullen-familien held framleis til i området. Philippe Park og Philippe Parkway er kalla opp etter Philippe.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pinellas» frå , den 22. juli 2026.

Kategori:Halvøyar i USA Kategori:Geografi i Florida Kategori:Stadnamn av spansk opphav i USA