Arthur O'Neill (1726 eller 1734Colette Moloney: "O'Neill, Arthur", i: The Encyclopaedia of Music in Ireland, red. Harry White og Barra Boydell (Dublin: University College Dublin Press, 2013), s. 738–784.–oktober 1816) var ein irsk harpist, ein virtuos utøvar av den irske harpa eller klairseach. Han var aktiv i dei siste tiåra av den ubrotne irske instrumentetradisjonen seint på 1700- og tidleg på 1800-talet. Han var nært knytt til Edward Bunting og til Belfast Harp Society sitt forsøk på å bevara instrumentet, som i enden ikkje lukkast. O'Neill deltok i Belfast Harper's Assembly og var harpelærar for selskapet fram til 1813.S. C. Lanier: "'It is new-strung and shan't be heard': Nationalism and Memory in the Irish Harp Tradition", in: British Journal of Ethnomusicology, vol. 8 (1999). Han er best kjend for dei livlege og humoristiske memoarane sine, som blei samla av Bunting. Dei inneheld mange minne om berømte harpespelarar (som Carolan) og om miljøet dei spelte i. 

Liv og memoarar Ifølgje O'Neill sjølv blei han fødd i Drumnastrade i Clonfeacle sokn i County Tyrone kring 1737. Han blei blind som eit resultat av ei ulykke tidleg i livet: "Memoirs of Arthur O'Neill" in Charlotte Milligan Fox: Annals of the Irish Harpers (London: Smith, Elder & Co., 1911), p. 142.

Han byrja å få opplæring i harpespel i tiårsalderen av Owen Keenan frå Augher. Då han var femten hadde han blitt omreisande musikar. Memoarane hans består i stor grad av skildringar av reiser han gjorde rundt i landet, inkludert fleire forteljingar om konkurransar der han spelte, med fleire humoristiske anekdotar imellom. Han var klar over at nokre av desse anekdotane, eller vurderinga hans av andre harpespelarar, kunne føra til fornærming (han skildra til dømes Arthur Short frå Tyrone som men skreiv at han ikkje brydde seg kven som kunne koma til å lesa memoarane.Arthur O'Neill , Eglish Historical Society. Hovudrivalen hans musikalsk var venen Charles Fanning, som slo han på kvar av Granard-harpeestivalene i tida 1781-3. O'Neill spøkte om at det fyrste tapet hans var på grunn av at han hadde hatt på seg dei beste kleda sine, og at dette leidde dommarane til å meina at den dårlegare kledde Fanning fortente prisen meir.

I juli 1792 fekk musikaren og samlaren Edward (Atty) Bunting O'Neill med på den fyrste harpefestivalen i Belfast. Denne blei arrangert til støtte for Belfast Charitable Society, men fall saman med feiringa av Bastille-dagen i byen, med opptog av lokale Volunteer-korps, og resolusjonar til støtte for katolsk frigjering og parlamentarisk reform. Festivalen blei breitt tolka som eit uttrykk for ein ny republikansk patriotisme. I 1808 blei O'Neill henta inn av Bunting, med støtte frå Dr. James MacDonnell og broren hans Alexander (presbyterianske søner av Michael Roe, ein katolsk slektning til grevane i Antrim) som O'Neill hadde undervist, til Belfast som harpelærar for Belfast Harp Society.

Sjølv om behandlinga hans av laget, som hadde økonomiske vanskar, var noko kontroversielt, gjekk han av i 1813 med ein pensjon frå James MacDonnell og flytta til County Tyrone. Han døydde i slutten av oktober 1816 i Maydown i County Armagh, og blei gravlagd nær fødestaden sin, i kyrkjegarden ved Eglish.

Instrument Den historiske harpa frå 1700-talet kjend som Belfast Museum Harp eller O'Neill Harp blei sagt å ha vore eit av instrument til O'Neill, sjølv om det er stilt spørsmål ved dette. Ei annan av harpene til O'Neill blei sagt av Patrick Byrne å ha blitt brunnen av ein Samuel Patrick, «a bad harper,» ved lokala til Harp Society ei tid etter at O'Neill var død.The Belfast Harp, wirestrungharp.com

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Arthur O'Neill (harpist)» frå , den 9. juni 2026.

Kategori:Irske harpistar Kategori:Musikarar frå 1800-talet Kategori:Musikarar frå 1700-talet Kategori:Døde i 1816