Murray Gordon Halberg () var ein newzealandsk friidrettsutøvar som i 1960 vart olympisk meister på 5 000 meter.

Aktiv Halberg deltok i Sommar-OL 1956 der han vart nummer 11 på 1500 meter. I juli 1958 sigra han på 3 miles under dei britiske samveldeleikane i Cardiff. Nokre veker seinare, den 5. september på Bislett stadion i Oslo, presterte han livsbeste 3.38,8 på 1500 meter då han vart andremann i eit internasjonalt stemne, verdsrekordhaldar Herb Elliott vann på 3.37,4, medan Arne Hamarsland sette nordisk rekord med 3.39,8 og vart nummer 3.

Under OL-finalen på 5 000 m i Roma 1960 overraska Halberg med eit rykk drygt to rundar frå mål. Ingen av konkurrentane fylgde med, og då tyske Hans Grodotzki etterkvart tok opp jakta, rakk han ikkje ta att Halberg. Halberg deltok deretter på OL-mila, der han enda på femteplass.

25. juli 1961 var Halberg nær ved å slette Vladimir Kuts sin verdsrekord på 5 000 meter. I Stockholm vart Halberg klokka inn på 13.35,2, fattige 0,2 sekund bak Kuts sin fire år gamle rekord. Eit halvt år etter klarte Halberg å forsvare gullmedaljen på 3 miles under dei britiske samveldeleikane i Perth i 1962. Hausten 1964 var han på plass under Sommar-OL i Tokyo. Etter å ha kome på sjuandeplass på 10 000 meter, lukkast han ikkje å kvalifisere seg til 5 000-meterfinalen.

I 1963 grunnla han The Halberg Trust til fordel for funksjonshemma born.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1956 i Melbourne: Nr 11 på 1500 m – 3.45,2 OL 1960 i Roma: Gull på 5 000 m – 13.43,4 og nr 5 på 10 000 m – 28.49,1 OL 1964 i Tokyo: Nr 7 på 10 000 m – 29.10,8. Utslått i kvalifiseringa på 5 000 m (14.12,0=nr 21)

Kjelder

World Athletics Arbeiderbladet 6. september 1958

Denne artikkelen bygger på «Murray Halberg» frå , den 11. juni 2026.

Kategori:Newzealandske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Langdistanseløparar Kategori:Olympiske meistrar for New Zealand Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Newzealandske deltakarar under sommar-OL 1964