Isalill Simonsen Kolpus () er ein norsk samisk komikar og forfattar fødd i Kirkenes. Frå 2023 til 2026 sat ho i programleiarpanelet i NRK-programmet Nytt på nytt. Ho hadde tidlegare fungert som tekstforfattar og vikariert i programleiarpanelet til programmet.

Utdanning Kolpus har utdanning i norsk og religionshistorie frå Universitetet i Oslo.

Karriere Etter utdanninga si arbeidde Kolpus seks år som lærer i vidaregåande skole. Deretter tok ho til å arbeide i NRK som sommarvikar for ungdomsprogrammet IHÁN i NRK sin samiske radiokanal NRK Sápmi i 2020. Ho heldt fram som programleiar og ansvarleg for sosiale medium for programmet Valvi i same kanal.

Etter det har ho arbeidd som komikar i fleire NRK-produksjonar. Ho var mellom anna gjest i talkshowet Studio Sápmi, som var produsert av NRK Sápmi.

Kolpus sette opp soloshowet Oja, du er nysame?, først på den samiske festivalen Márkomeannu i Troms og Nordland, og våren 2023 i Oslo; i framsyninga utforska ho «kva som skal til for å vera same». Ho vart nominert til publikumsprisen under Humorprisen 2023.

Kolpus har også vore leiar for den samiske ungdomsorganisasjonen «Oslove Noereh» i Oslo, og har vore programleiar i podkasten Sameting, som handlar om samepolitikk og det som skjer i det samiske samfunnet i Noreg. I 2023 var ho fast gjest i Aftenposten-podkasten Poprådet.

I mars 2026 var ho programleiar saman med Ánte Siri for Sámi Grand Prix 2026.

Forfattarskap Våren 2026 gav ho ut sakprosaboka Hvem brente John Savio? på Forlaget Oktober. Med utgangspunkt i biografien til den samisk-kvenske kunstnaren John Savio skriv ho om samisk identitet og kultur, fornorskingspolitikk og si eiga familiehistorie.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Isalill Kolpus» frå , den 28. april 2026.

Kategori:Folk frå Sør-Varanger