Aron Leonard Dønnum () er ein norsk fotballspelar frå Eidsvoll. Han er sidan 2023 flankespelar for franske FC Toulouse.

Karriere Klubbspel Dønnum fekk sin fyrste kamp i eliteserien som Vålerenga-spelar sommaren 2017. 2018-sesongen spelte han på Hamarkameratene sitt lag på nivå 2 i seriesystemet. Frå 2019 var han atter i Vålerenga-drakt, der han etterkvart vart ein av dei viktigaste spelarane. I juli 2021 vart Dønnum overført til det belgiske toppserielaget Standard Liège. Perioden mars til juni 2022 var han tilbake i Vålerenga. Etter ein ein god sesong 2022/23 i Standard Liege skreiv Dønnum i september 2023 kontrakt med FC Toulouse i fransk toppserie.

Landslagsspel Dønnum fekk sin landslagsdebut mot Luxembourg den 2. juni 2021. Etter to kampar for Noreg måtte han vente i over to år før han fekk sin tredje. Straks etter, den 19. november 2023, skåra han kampens fyrste mål då Noreg og Skottland på Hampden Park i Glasgow spelte uavgjort 3-3 i ein kvalifiseringskamp til Fotball-EM 2024. I 2024 og 2025 var han innbytar ei rad norske landskampar, skåra det siste målet då Noreg vann 5–0 over Moldova på bortebane den 22. mars 2025. Dønnum var innbytar i fire av kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026. Pr 1. april 2026 er han bokført med 17 landskampar og 2 landslagsmål.

Han er gift med Celin Bizet Ildhusøy.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aron Dønnum» frå , den 30. april 2026.

eu-football

Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Standard Liège-spelarar Kategori:Toulouse-spelarar