mini|Mantraet på tibetansk med dei seks stavingane fargelagde. Om mani padme hum er eit mantra med seks stavingar som særleg er forbunde med den firearma Shadakshari-forma av Avalokiteshvara, bodhisattvaen for medynk. Mani betyr ‘juvel’ eller ‘perle’ og padma betyr ‘lotusblome’, den heilage blomen i buddhismen. Det er ofte meisla i stein eller skrive på papir som blir lagt inn i bedemøller. Når ein person dreier ei mølle skal det gje same effekt som om ein resiterer mantraet like mange gonger som det blir gjenteke i mølla.

Den eldste kjende resitasjonen av mantraet finst i Karandavyuha-sutraen frå 1000-talet, som opptrer i den kinesiske buddhistiske kanonen. Nokre buddhistiske lærde hevdar at mantraet, som det blir nytta i tibetansk buddhisme, er basert på Sadhanamalaen, ei samling av sadhanaer frå 1100-talet.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Om mani padme hum» frå , den 26. april 2026.

Kategori:Sanskrit Kategori:Buddhisme