Bernal Diaz del Castillo (fødd ein gong mellom 1492 og 1498, død 1584) var ein deltakar i den spanske erobringa av Amerika.

Bakgrunn Bernal Diaz del Castillo blei fødd i Medina del Campo i Spania, truleg mellom 1492 og 1498. Han kom frå ein fattig familie, og var dermed lite utdanna. Han kunne derimot lesa og skriva, noko som tyder på at han hadde fått noko utdanning.

Ekspedisjon til Den nye verda Diaz reiste til Amerika i 1514 i håp om å få ta del i erobringa av Tierra Firme, dagens Panama. Denne ekspedisjonen var ikkje særleg vellykket for Diaz, og det var heller ikkje ekspedisjonen til Yucatán, i dagens Mexico, som han deltok i 1517.

Diaz er mest kjend for å ha vore delaktig i erobringa av Mexico under kaptein Hernán Cortés, og dermed for å ha vore med på å styrta Aztekarriket.

Vidare er han kjend for å ha forsvart koloniseringsprosessen av Mexico, som i samtida hans blei sterkt kritisert særleg av Bartolomé de las Casas i verket ‘Ei kort framstilling av øydelegginga av (Vest) India’. Eit anna verk som òg inspirerte Diaz til å forsvara hendingane han hadde vore med på, var biografien til Cortés som var blitt skrive av ein annan av dei spanske erobrarane som var med under erobrunga av Mexico, Francisco Lopéz de Gómara. Diaz var svært ueinig i Gómara si framstilling av hendingane, noko som inspirerte han til å skriva Historia verdarera de la conquista de la Nueva España, eller ‘Den sanne historia om erobringa av Ny-Spania’. Dette verket var ferdig i 1568, men kom ikkje ut før i 1632. Hendingane verket tok for seg fann stad mellom 1519 og 1521. Verket blei derimot ikkje byrja før på 1550-talet, då Diaz var over 70 år gamal.

Dette verket framstilte dei spanske erobrarane meir som heltar enn som brutale og nådelause, slik dei blei framstilte av mange andre som skildra den tidlege spanske koloniseringa. Verket blir rekna som ei av hovudkjeldene til erobringa av Mexico, ettersom det gjev ei kronologisk oversikt over hendingane som fann stad under erobringsprosessen.

Guvernør av Guatemala Diaz vende tilbake til Spania to gonger etter å ha reist til Amerika, men levde resten av livet sitt i Guatemala som guvernør av byen Santiago de los Caballeros. Han døydde 2. eller 3. januar 1584 i Guatemala. Manuskriptet til Historia verdadera de la conquista de la Nueva España blei sendt til Spania etter at Diaz var død, og vidare publisert i 1632 etter å ha blitt redigert nok til å kunna godkjennast av den spanske sensuren.  

Kjelder

Diaz Bernal, The conquest of New Spain, omsett av J. M. Cohen, Penguin Books, London, 1963. Diaz Bernal, Historia verdarera de la conquista de la Nueva España, Plaza Editorial Inc., USA, 2011.  

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bernal Díaz del Castillo» frå , den 27. april 2026.

Kategori:Folk frå provinsen Valladolid Kategori:Mellomalderhistorikarar Kategori:Conquistadorar