Noregsmeisterskapen i handball 1986 for menn enda med triumf for Idrettsforeningen Urædd frå Porsgrunn, etter finalesiger 21–16 over Kragerø Idrettsforening.

Finalen Finalen vart avvikla i Skienshallen i Skien laurdag 13. desember 1986 framfor 2 800 tilskodarar. Urædd leia 5–3, 8–4 og 10–7, før Kragerø utlikna til pauseresultatet 11–11. I den andre omgangen drog Urædd frå til 16–12, derifrå var det ingen tvil om kvar kongepokalen skulle hamne. Til sist vann Urædd med fem måls margin: 21–16.

Urædd-måla kom frå Roger Kjendalen (7), Kjetil Larsen (6), Brede Larsen (3), Jørgen Young (2), medan Eskil Berg Andreassen, Jonny Haugen og Frode Jonassen skåra kvar sitt mål. Pål Oldrup Jensen stod ein god kamp mellom målstengene.

Bjarne Steen Jørgensen, Hans Gunnar Lonar og John Lonar skåra alle 4 mål for Kragerø.

Dommarane Morten Lunde og Tore Schjerven straffa Urædd med fem tominutts-utvingar, inkludert eitt raudt kort, og Kragerø med to to-minuttarar.

Kjelder Telemark Arbeiderblad, 15. desember 1986

1986 Kategori:Idrettstilskipingar i Telemark Kategori:Noregsmeisterskap i 1986 Kategori:Handball i 1986