Christen Knudsen () var ein norsk skipsreiar og politikar frå Porsgrunn. Han var stortingsrepresentant for Høgre 1925–1927, og fylkesmann i Telemark, 1941–1945, under den tyske okkupasjonen av Norge. Knudsen var son til Jørgen Knudsen og far til NS-føraren Harald Franklin Knudsen.
Liv og virke Christen Knudsen gjekk inn i faren sitt reiarlag frå ung alder. Han lærte språk i England, Tyskland og Frankrike. Etter faren døydde i 1923 delte han og broren Finn C. Knudsen reiarlaget mellom seg.
Frå stiftinga i 1912 var Knudsen formann i Porsgrunn krins av Norges Forsvarsforening. I tida frå 1916 til 1937 var han i fleire periodar medlem i Porsgrunn bystyre. Valbolken 1925–1927 representerte han kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder i Stortinget, vald for Høgre. På Tinget var han medlem i Militærkomitéen. I 1933 melde han seg inn i Nasjonal Samling og var partiet sin fylkesførar i Telemark fram til 1940. Sidan utnemnd av Quisling-regjeringa til fylkesmann i Telemark. I landssviksaka mot Knudsen, som kom opp i 1947, vart det lagt vekt på at han i april 1940 hadde gjort sitt for å stanse mobiliseringa og aktivt bidrege til å sprenge kringkastaren på Borgeåsen i Porsgrunn. Han vart dømd til sju års straffarbeid, tap av rettar i ti år og inndraging av 50 000 kroner.
Kjelder
Stortinget 1925-27 Denne artikkelen bygger på «Christen Knudsen (1873–1964)» frå , den 11. mai 2025.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Norske skipsreiarar Kategori:Folk frå Porsgrunn