Jetmund Jakobsson Skjåstad () var ein norsk gardbrukar på Skjåstad i Hjørundfjord. Han var ordførar 1917–19 i dåverande Hjørundfjord kommune.

Skjåstad brukte frå 1879 Sammelgarden på matrikkelgarden Skjåstad i indre Hjørundfjord (sidan 2020 er Skjåstad innlemma i Volda kommune). Han stod som eigar av Sammelgarden til 1931. År 1884 vart han vald til heradsstyremedlem fyrste gongen. I tre valbolkar, frå 1905 til 1913, var han varaordførar i Hjørundfjord. Perioden 1917–19 var han ordførar. Det var (og er) lang veg frå Skjåstad til kyrkjestaden Sæbø, der heradsstyret kom saman. Fyrst var det å gå landevegen ned til Bjørke, for så å ro eller segle i færing ut til Sæbø. Den om lag 30 kilometer lange heimvegen frå Sæbø nytta han gjerne til å sjå «innom interesserte sambygdingar, og informerte dei om den kommunale stoda, så ofte var det langt på natt før han var heime». Han arbeidde for at krinsen Storfjord indre Hjørundfjord skulle få eiga kyrkje, eit arbeid som førte til at Bjørke kyrkje vart reist og vigsla i 1920.

Jetmund J. Skjåstad var gift med Susanne Steffensdotter Myren frå Sæbø. Åtte born voks opp i heimen deira.

Kjelder Frå Hjørundfjord. Årsskrift nr. 46, s. 61f. 2024 Folketeljing 1910

Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Volda Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Ordførarar i Hjørundfjord