Gerhard Nilsson Wiig () var ein skipper, landhandlar og gardbrukar på Flåvær i Herøy på Sunnmøre. Han var son til Nils Johansson Wiig.
Gerhard var frå Moltu i Herøy. Han dreiv sjøfart frå ung alder, 20 år gammal førte han everten «de 2de Brørdre» frå Molde til Sunnmøre med «saltet Sild og Trælast».Romsdals Amt-Tidende. 2. desember 1837 Han busette seg på Flåvær, ein eigedom som faren åtte. I 1841 fekk Gerhard skøyte på eigedomen. Her dreiv han sidan landhandel og eit lite gardsbruk med kyr, sau og gris.
Gerhard var gift 1843 med Karen Marie Knutsdotter Osnes frå Ulstein. Borna Nils, Karoline, Kristoffer, Gerhard og Gustav voks opp i heimen deira på Flåvær.
Kjelder Herøyboka 3. Gardar og folk. 1963 Folketeljing 1865.
Kategori:Norske skipsførarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Herøy i Møre og Romsdal