Lomasporv (Poospiza hispaniolensis) er ein sporvefugl i tanagarfamilien Thraupidae, som høyrer til slekta Poospiza. Han lever i kystnære strøk av Ecuador og Peru i Sør-Amerika.

Skildring Lomasporv er ein liten og kompakt fugl, om lag 13,5-16,5 cm lang. Han har eit kort, trekanta nebb der undernebben er tydeleg kraftigare enn overnebben, med farge frå sandgul til mørk grå.

Hannen har eit grått hovud, breie kvite augebrynstriper og eit kvitt halsband som står i kontrast til svarte augestriper som møtest i nakken. Undersida er kvit til gulaktig kvit med mørkegrå sider og eit brystband som varierer frå grått til svart. Hoa er meir brunleg, med streka bryst og eit gulaktig eller kremfarga halsband og augestripe. Beina har ein farge som varierer frå rosa til oransje.

Utbreiing og habitat Lomasporven finst langs kystregionen frå sørvestlegaste Manabíprovinsen i Ecuador sørover til Arequipa-regionen i Peru. Han er lokalt talrik på Isla de la Plata og i nordlege delar av utbreiingsområdet, men vert sjeldnare mot sør.

Han er vanleg i sitt naturlege habitat, som omfattar tørre, fuktige og høgareliggjande subtropiske eller tropiske krattområde, samt sterkt degraderte skogar. Han føretrekkjer område nær vasskjelder med tett krattvegetasjon. Det norske artsnamnet ymtar om at arten også knytt til lomas-økosystem innanfor den peruanske kystørkenen, til dømes blir han funnen i Lachay nasjonalreservat. Arten lever hovudsakleg under 1000 moh., men kan finnast opp til 2500 moh. i Peru.

Åtferd I Ecuador hekkar han berre éin gong i året, med egglegging mellom midten av februar og midten av mai etter regntida. Songen høyrast i den tørre årstida, frå juli til september. Nokre lomassporvar verkar å røre seg i samband med regntidene.

Fuglen et hovudsakleg virvellause dyr som han fangar i låge tre eller på eller nær bakken i tett vegetasjon. Songen er kraftig, ein fløytande «tuik, suick-suiiu», medan lokkelyden er eit lågt grynt, «djer-djer».

Systematikk Lomasporv vart først skildra av den franske zoologen Charles Lucien Bonaparte i 1851 som Poospiza hispaniolensis, med feilaktig type-lokalitet «Santo Domingo», seinare retta til Peru.

Namnet Poospiza kombinerer det gamalgreske poa som betyr «gras» og spiza som betyr «fink», medan hispaniolensis viser til den feilaktige lokaliteten Hispaniola.

Nyare fylogenetiske studiar viser at arten er nærast i slekt med P. rubecula, P. rufosuperciliaris, P. goeringi, P. garleppi og P. baeri. Han er monotypisk, utan kjende underartar.

Kjelder

Denne artikkelen er ei omsetjing av «Poospiza hispaniolensis» frå , den 10. februar 2025.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tanagarfamilien