Marie Elisabeth Michelet () var ein norsk barnebokforfattar og lærar.
Familie Michelet var dotter av presten Johan Cordt Harmens Storjohann (1832–1914) og Nanna f. Holmboe (1838–1898; sjå Holmboe-slekta) og vaks delvis opp i London og Tyskland. Faren var prest og den som starta Sjømannsmisjonen, mens mora mest var oppteken av sedskapssaker. Faren var ein steil personlegdom som var sterkt imot dåtidas kvinnerørsle, og Michelet har skildra i sin biografiske artikkel om Nanna Storjohann korleis stivsinnet og pietismen til faren kua mora, som likevel var mykje aktiv innan sosialt arbeid livet gjennom. Blant anna oppretta Nanna Storjohann eit herberge i Kristiania for arbeidssøkjande heimlause kvinner, som fyrst bar namnet «Hjemmet for enligstillede kvinder», men frå 1912 fekk namnet «Nanna Storjohanns Minde».
Då Michelet gifta seg i 1888 med teologiprofessoren Simon Themstrup Michelet (1863–1942), fekk ho sjølv ein ektemann som delte hennar eige syn på naudsynet av kvinnefrigjering.
Ekteparet fekk fire barn; ein son som døydde tidleg og tre døtrer. Dottera Bolette (Bodhild) Christine gifta seg i 1912 med den tyske presten Theodor Eduard Burkhardt og flytta til Tyskland. Dottera Nanna Michelet blei den fyrste kvinnelege landbrukskandidaten i landet.Hun gav husmorssaken kvalitetsstempel. 100 år siden Marie Michelet ble født på Familiesiden i Aftenposten den 10. mars 1966. Ho engasjerte seg i likskap med foreldra i sosialt arbeid, blant anna i faren sin «Studentersettlement». I 1964 fekk Nanna Michelet Kongens fortenestemedalje i gull for dette arbeidet. Den yngste dottera, Julie Michelet, blei i 1925 tilsett ved The Art Institute of Chicago. I 1931 opplyste jubileumsskriftet som blei gjeve ut i høve 50-årsjubileet for studentkullet til Simon Michelet, at Julie då hadde stillinga som «Keeper of Muhammedan Art» ved museet.
Forfattarskap Michelet skreiv fleire barnebøker mens ho sjølv var småbarnsmor. I 1946 gav ho ut ein sjølvbiografi.
Kvinnesak og sosialt arbeid Michelet var også aktiv for å informere om korleis kvinnene skulle ordne i huset, og skreiv og var redaktør for kvinneblad og andre utgjevingar i regi av Hjemmenes Vel, som hadde blitt starta i 1900 av blant andre Ragna Nielsen (1845–1924). Mellom 1902 og 1920 var ho nestleiar i sentralstyret for paraplyorganisasjonen til norske sedskapsforeiningar. Frå 1905 jobba ho som lærarinne ved ein middelskule i Bærum, der ho i 1906 hadde stiftet den fyrste kvinnegruppa i bygda og var fyrste leiar i mange år. Frå 1907 til 1910 var ho i styret for Norske Kvinners Nasjonalråd som Gina Krog hadde fått i gang i 1904, fyrst for å sikre kvinner røysterett. Frå 1915 til 1935 var ho leiar for Hjemmenes Vels Landsforbund, seinare kjend som Norges Husmorforbund.
På det nordiske planet var Michelet leiar for Nordens Husmorforbund i periodane 1920–1924 og 1933–1937. Ei tid var ho også nestleiar for International Council of Women.
Utmerkingar og ærestilvisingar I 1919 blei Michelet tildelt Kongens fortenestemedalje i gull og i 1946 blei ho slått til riddar av fyrste klasse av St. Olavs Orden.Hanna Mellemsether, Marie Michelet i Store norske leksikon. Frå Finland mottok ho Det finske Marthaforbunds æresutmerking.
Bibliografi 1901: Puk – en fortælling om en liten gut, Aschehoug, Kristiania 1902: Hos mormor – en barnefortælling, Aschehoug, Kristiania 1903: I svalehuset – en skolehistorie for unge piger, Aschehoug, Kristiania 1906: Usynlige magter, Aschehoug, Kristiania 1909: Tuulevaiduudenkylvöä – estelmiä siveelisyyden ja kasvatuksen altala, Porvoo, 1909 (Føredrag heldt i Finland, til finsk ved Ilmi Hallsten) 1914: Det kristne hjem, Luthersk bokmission, Bergen 1918–1922: Smaa fortællinger for barn, to bind, Luthersk bokmission, Kristiania 1924: Moderne vask, Kristiania 1946: Minner og tidsbilleder, Dreyer, Oslo
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marie Michelet» frå , den 10. mars 2024.
Bakgrunnsstoff Digitaliserte utgåvar av Marie Michelet sine barnebøker og selvbiografi lagra online hos Nasjonalbiblioteket
Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Folk frå Bergen