Fylkesveg 5442 i Vestland fylke går mellom Matre i Masfjorden og Ortnevik i Høyanger.
Det er ikkje bygd veg mellom Ortnevik og Nese i Vik, men på bestemde vekedagar er det båtsamband mellom Ortnevik og Vik som kan ta med bilar.Skyss rute 1190
I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og traséen til Fylkesveg 5442 står av fylgjande gamle fylkesvegar: Del av gamle Fylkesveg 92 i Sogn og Fjordane: Ortnevik – Hest – gamle fylkesgrensa mot Hordaland ved Stordalsvatnet (44,2 km) Fylkesveg 381 i Hordaland mellom Matre i Masfjorden kommune og den gamle fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane ved Stordalsvatnet (15,2 km)
Historikk I 1930-åra hadde Høyanger kommune berre lokale grendevegar på sørsida av Sognefjorden. Etter at kommunane Kyrkjebø og Lavik var slått saman til Høyanger kommune 1963 fekk innbyggjarane i den tidlegare Lavik kommune ein mykje lengre veg til kommunesenteret enn før. Derfor blei det vedteke å byggja veg frå Ikjefjord til Svartemyr, med ferje vidare til Nordeide, saman med ein gjennomgåande veg for grendene i Høyanger sør for Sognefjorden.
Etter ein del diskusjonar om kvar vegen skulle gå blei han bygd ut i etappar. I 1970 blei 3,9 km gammal veg mellom Bjordal og Leirnes oppgradert, traséen Hest–Bjordal blei seinare del av Fv92. 1972 blei 3,5 km mellom Leirnes og Svartemyr teke i bruk saman med ferjesambandet Svartemyr-Nordeide, og same året vart vegen Vamråk–Mjølvik teken i bruk. På dette tidspunktet hadde Ikjefjord vegløysing til Oppedal ferjekai i Ytre Oppedal og ferjesambandet Lavik-Oppedal-Brekke.
Med åra etterpå vart fleire strekningar ferdigbygde: i 1976 Bjordal–Søreide, 1980 Mjølsvik–Ortnevik, og ferjesambandet Ortnevik-Nordeide opna i 1982. Det siste stykket, mellom Søreide og Vamråk blei teke i bruk 1985.
Kommunar og knutepunkt
Matre i Masfjorden Matredal bru I over Matreselva (33 m) Fossen bom (vinterstengd Fossen-Halsen) Haugehøl bru over Matreselva (22 m) Kleivhølen bru over Matreselva (25 m)
Stordalsvatnet → veg til Stordalen fjellstove Krokevasselva bom (vinterstengd Krokvasselva-Førde) Krokevasselva bru over Krokevasselva (30 m) Bjørkelia
Nystølen Førde bom (vinterstengd Førde-Krokvasselva) Blombakktunnelen (303 m) Dørefjelltunnelen (800 m) Halsen bom (vinterstengd Halsen-Fossen) Hest → Sørsidevegen til Ytre Oppedal i Gulen kommune (30,3 km)
Bjordal Bjordal kyrkje Bjordalstunnelen (1,6 km) Søreide Søreidetunnelen (1,9 km) Vamråk Vamråktunnelen (240 m) Mjølsvik Endepunkt Ortnevik ferjekai → Kommunal veg vidare til Ortnevik → Ortnevik kyrkje → Vik-Ortnevik-Måren-Nordeide-Høyanger (ikkje alle avgangar kan ta bilar, bilplass må reserverast. Sjå Skyss.)
Kjelder
Kategori:Vegar i Høyanger Kategori:Vegar i Masfjorden