Benjamin Compaoré () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar som i 2014 vart europameister i tresteghopp.
Compaoré sette personleg rekord med eit hopp på 16,61 meter då han i 2006 vann tresteg-øvinga i junior-VM i Beijing. I 2008-sesongen hoppa han 17,05 m i Strasbourg og kryssa 17-metersgrensa. Ved EM i friidrett 2010 i Barcelona kom han på femteplass med 16,99 m. Året etter vart han med 17,17 meter nummer 8 under Friidretts-VM i Daegu. I 2012 la han beslag på sjetteplassen under dei olympiske leikane i London.
Compaoré sin største dag kom i EM i friidrett 2014 i Zürich. I finalen sette han i den fyrste omgangen personleg rekord med 17,46 m og sikra seg gullmedaljen på suverent vis. Nøyaktig ein månad seinare, den 14. september, presterte han livsbeste 17,48 meter og vart bestemann i tresteg-tevlinga ved Kontinental-cupen i Marrakech. Sidan vart han nummer 12 i Beijing-VM 2015 med 16,63 m og nummer 10 med 16,54 m i OL-finalen 2016 i Rio de Janeiro. I mellomtida kom han på tredjeplass i Hall-VM 2016 i Portland med 17,09 m, slått av kinesiske Dong Bin og Max Hess frå Tyskland.
Kjelder
Benjamin COMPAORÉ | Profile | World Athletics Denne artikkelen bygger på «Benjamin Compaoré» frå , den 20. august 2023.
Kategori:Franske lengdehopparar Kategori:Franske tresteghopparar Kategori:Franske sprintarar Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2022 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2022