Hege Bae Nyholt () er ein norsk barnehagelærar og politikar frå Trondheim. Ho har sidan 2021 representert Sør-Trøndelag og partiet Raudt på Stortinget.

Nyholt er barnevernspedagog og er elles utdanna i tverrfaglege kulturstudiar. Ho har sidan 1990-åra vore aktiv i Palestinakomiteen og engasjert i solidaritetsarbeid for Libanon og den såkalla Vestbreidda. Ved valet til nye Trøndelag fylkesting i 2019 var ho Raudt sin fyrstekandidat. Saman med to partifellar fekk ho plass i det 59-manns store fylkestinget. To år seinare kom ho inn på Stortinget frå valkrinsen Sør-Trøndelag, vald gjennom eit utjamningsmandat. På Stortinget vart ho vald til leiar av Utdannings- og forskningskomitéen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hege Bae Nyholt» frå , den 22. august 2023.

Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå Raudt Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Folk frå Trondheim