Walter Abish () var ein austerriksk-amerikansk forfattar.

Liv Abish var fødd i Wien, men den jødiske familien hans måtte flykta frå forfølginga til nazistane. Dei kom seg til Shanghai der dei var frå 1940 til 1948; store delar av tida under japansk styre i det Abish omtalte som ein getto. Deretter budde dei fleire år i den nyoppretta staten Israel. Abish flytta til USA i 1957, og blei amerikansk statsborgar i 1960.

Abish gifta seg med fotografen og bilethoggaren Cecile Gelb i 1953. Han var gift med henne livet ut. Dei hadde ingen barn. Han døydde på Manhattan i New York i 2022.

Forfattarskap Dei fyrste bøkene hans, mellom anna Alphabetical Africa (1974), er prega av ein postmodernistisk leikenheit. Boka følgjer visse alliterative reglar der fyrste kapittel berre inneheld ord som byrjar med A, andre kapittel berre ord som byrjer med a eller b, neste kapittel legg også til ord med c, og så bortetter. Etter 25 kapittel kan Abish ei kort tid skriva uhemma. Deretter følgjer 52 nye kapittel der bokstavar blir fjerna i omvendt rekkefølgje.

Gjennombrotet hans kom med romanen How German Is It? (1980, ‘Kor tysk er det?’), om ein forfattar som vendar tilbake til det «nye» Tyskland og bror hans, som er arktitekt, med bomber som går av i bygg han har utforma. Boka blir fortalt med ulike indre monologar og frå mange ulike synsvinklar. Abish fortsette dei språkleg elegante satirane sine i den siste romanen sin, Eclipse Fever (1993), som fekk ei blanda mottaking.

Verk Duel Site – dikt, 1970 Alphabetical Africa – roman, 1974 Minds Meet – sogesamling, 1975 In the Future Perfect – sogesamling, 1977 How German Is It (Wie deutsch ist es) – roman, 1980 99: The New Meaning – sogesamling, 1990 Eclipse Fever – roman, 1993 Double Vision: A Self-Portrait – memoar, 2004

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Walter Abish» frå , den 30. juli 2023. oppgav desse kjeldene: Nationalencyklopedin. CD-utgåva 2000.

Delar av denne artikkelen bygger på «Alphabetical Africa» frå , den 1. august 2023.

Kategori:USA-amerikanske forfattarar frå 1900-talet Kategori:Austerrikske forfattarar Kategori:Folk frå Wien