Elizabeth Barrett Browning (fødd Moulton-Barrett, ) var ein engelsk diktar i viktoriatida. Ho var mykje omtykt i Storbritannia og i USA i levetida si.

Browning blei fødd i County Durham i Nordaust-England som den eldste av 12. Frå ho var elleve byrja ho å skriva dikt. Mor hennar si samling av dikta hennar er den største attverande samlingane av juvenilia (ungdomsskrifter) av nokon engelsk forfattar. Då ho var 15 blei ho sjuk, med intense smerter i hovudet og ryggsøyla som skulle plaga henne resten av livet. Seinare utvikla ho også lungeproblem, kanskje tuberkulose. Ho tok laudanum mot smerta frå ung alder, noko som truleg bidrog til den dårlege helsa hennar.

På 1840-talet blei Elizabeth introdusert til litteraturlivet gjennom den fjerne slektningen og mesenen sin John Kenyon. Den fyrste diktsamlinga hennar som vaksen blei gjeven ut i 1838. Ho skreiv produktivt mellom 1841 og 1844, både poesi, omsetjing og prosa. Ho engasjerte seg for avskaffing av slaveriet, og arbeidet hennar bidrog til å påverka reformer i lovgjevinga kring barnearbeid. Den rike produksjonen hennar gjorde henne til ein rival til Tennyson som kandidat for å bli poet laureate etter Wordsworth.

Diktsamlinga Poems frå 1844 gav henne stor suksess, og beundringa til forfattaren Robert Browning. Dei brevveksla, gjorde kur og gifta seg i løyndom, av frykt for at faren hennar skulle mislika det. Ganske rett blei ho gjort arvelaus av faren etter bryllaupet. I 1846 flytta paret til Italia, der Elizabeth blei verande livet ut. Dei fekk ein son som var kjend som «Pen» (Robert Wiedeman Barrett Browning, 1849–1912). Pen dreiv med måling til synet byrja svikta han seinare i livet; han bygde også opp ei stor samling av manuskript og minne etter foreldra. Elizabeth døydde i Firenze i 1861.Marjorie Stone, "Browning, Elizabeth Barrett (1806–1861)", Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; online edition, October 2008. Ektemannen gav ut ei samling av dei siste dikta hennar kort tid etter at ho døydde.

Verket til Elizabeth Barrett Browning hadde stor påverknad på kjende samtidige diktarar, som amerikanske Edgar Allan Poe og Emily Dickinson. Ho er hugsa for dikt som «How Do I Love Thee?» (Sonnet 43, 1845) og Aurora Leigh (1856).

Liv og virke

Familiebakgrunn Delar av familien til Elizabeth Barrett hadde budd på Jamaica sidan 1655. Rikdommen deira stamma hovudsakleg frå slavearbeid på dei karibiske plantasjane deira. Edward Barrett (1734–1798) var eigar av av eigedommar i Cinnamon Hill, Cornwall, Cambridge og Oxford nord på Jamaica. Morfaren til Elizabeth hadde sukkerplantasjar, verkstader for tilverking av sukkerrøyr, glashus og skip som dreiv handel mellom Jamaica og Newcastle i England.

Familien ville vidareføra namnet sitt, og fastsette at «Barrett» alltid skulle vera eit etternamn. I nokre tilfelle blei arv berre gjeven på vilkår av at ein også nytta namne. I følgje med denne sterke tradisjonen brukte Elizabeth namnet «Elizabeth Barrett Moulton Barrett» på juridiske dokument, og før ho gifta seg omtalte ho seg ofte som «Elizabeth Barrett Barrett» eller «EBB» (initialar ho kunne halda på etter at ho gifta seg). Far til Elizabeth valde å oppdra familien i England, medan forretningsverksemda blei verande på Jamaica. Mor til Elizabeth, Mary Graham Clarke, eigde òg plantasjar som blei dyrka av slavar i Britisk Vestindia.

Tidleg liv Ein reknar med at Elizabeth Barrett Moulton-Barrett blei fødd 6. mars 1806 i Coxhoe Hall, mellom landsbyane Coxhoe og Kelloe i County Durham. Foreldra hennar var Edward Barrett Moulton-Barrett og Mary Graham Clarke. Det er også blitt hevda at ho, då ho blei døypt 9. mars, allereie kan ha vore tre eller fire månader gammal,Sampson, Fiona (2021). og at dette var blitt halde skjult fordi foreldra berre hadde gifta seg 14. mai 1805. Sjølv om ho allereie var blitt døypt av ein venn av familien, blei ho døypt opp att, meir offentleg, den 10. februar 1808 i Kelloe soknekyrkje på same tid som den yngre broren sin Edward (kjend som «Bro»). Han var fødd i juni 1807. Ein privat dåp kan verka noko uvanleg for ein familie av høg stand, og medan fødselen til Bro blei feira med ein fridag på familien sine plantasjar i Karibia, galdt ikkje det same for den til Elizabeth.

Elizabeth var den eldste av ein ungeflokk på tolv (åtte gutar og fire jenter). Elleve av dei levde opp; ei jente døydde då ho var tre år gammal, og Elizabeth var åtte. Alle ungane hadde kallenamn, det til Elizabeth var «Ba». Ho reid på ponnien sin, drog på gåturar og piknikar med familien, var i lag med andre velståande familiar og tok del i teateroppsetjingar i heimen. Til skilnad frå syskena fordjupa ho seg i bøker å ofte ho kunne koma unna dei sosiale rituala til familien.

I 1809 flytta familien til Hope End, ein eigedom på nær Malvern Hills i Ledbury i Herefordshire. Far hennar gjorde om det georgiske huset på staden til ein stall, og fekk bygd eit nytt herskapshus i fabelaktig tyrkisk-inspirert design. Kona hans skildra det som noko frå Tusen og ei natt. venstre|mini|Portrett av Elizabeth Barrett Browning frå 1859 Elizabeth fekk opplæring heime med Daniel McSwiney som privatlærar, i lag med den eldste bror sin.Dorothy Mermin (1989), Elizabeth Barrett Browning: The Origins of a New Poetry, University of Chicago Press, , pp. 19–20. Ho byrja skriva vers som fireåring."Browning, Elizabeth Barrett: Introduction." I løpet av tida i Hope End var ho ivrig etter å læra og tidleg ute.Taplin, Gardner B. The Life of Elizabeth Browning New Haven: Yale University Press (1957). Etter eige utsegn var ho seks då ho byrja lesa romanar og åtte då ho blei fenga av Pope sine omsetjingar av Homer. Ho studerte gresk då ho var ti, og skreiv sitt eige homeriske epos, The Battle of Marathon: A Poem, då ho var elleve.

Herr Barrett gav ut The Battle of Marathon privat i 1820, men alle eksemplara blei verande innan familien. Fru Barrett samla dikta hennar i Poems by Elizabeth B. Barrett. Faren kalla henne «Poet Laureate of Hope End», og oppmuntra diktinga. Alt dette førte fram til den største samlinga av ungdomsarbeid frå nokon engelsk forfattar. Mary Russell Mitford skildra den unge Elizabeth på denne tida med «a slight, delicate figure, with a shower of dark curls falling on each side of a most expressive face; large, tender eyes, richly fringed by dark eyelashes, and a smile like a sunbeam.»

Rundt denne tida fekk Elizabeth ein sjukdom som medisinen i samtida ikkje klarte å diagnostisera. Alle tre systrene fekk symptom, men dei blei berre varige for Elizabeth. Ho hadde intense smerter i hovudet og ryggen, med tap av mobilitet. Ulike biografiar har knytt dette til ei rideulukke på denne tida, då ho fall medan ho prøvde å koma seg av ein hest, men det finst ikkje prov på eit samband. Ho blei sendt til Gloucester spa for å koma seg, og blei behandla for eit problem med ryggsøyla, i mangel på symptom for ein annan diagnose.Taylor, Beverly. Sjølv om denne lidinga blei verande med henne gjennom resten av livet, meiner ein at ho ikkje var knytt til lungesjukdommen som Elizabeth utvikla i 1837. mini|Tekst til «The Enchantress» frå rundt 1820. Ho byrja ta opiat mot smertene, laudanum (eit produkt som inneheldt opium) og deretter morfin, begge vanlege medisinar på den tida. Ho kom til å bli avhengig av dei i store delar av vaksenlivet, og bruken frå ungdommen av kan godt ha bidratt til den skrøpelege helsa hennar. Biografar som Alethea Hayter har antyda at dei også kan ha bidrege til den ville livfullheiten i fantasien hennar og poesien han førte til.Hayter, Alethea (1962).

I 1821 hadde ho lese A Vindication of the Rights of Woman (1792) av Mary Wollstonecraft, og blei ein ihuga forkjempar for Wollstonecraft sine politiske idear. Den intellektuelle fascinasjonen ho hadde for klassiske idear og metafysikk blei spegla i ein religiøs intensitet som ho seinare skildra som «ikkje den djupe overtydinga til ein mild kristen, men dei ville visjonane til ein lidenskapleg person».Everett, Glenn (2002). Familien gjekk til gudstenester i det næraste dissidentarkappellet, og Edward Barrett var aktiv i bibel- og misjonsforeiningar.

Mor til Elizabeth døydde i 1828, og er gravlagd ved St Michael's Church i Ledbury, ved sida av dottera Mary. Sarah Graham-Clarke, tanta til Elizabeth, hjelpte til med å sjå etter ungane, og hadde konfliktar med den viljesterke Elizabeth. I 1831 døydde bestemora til jenta, Elizabeth Moulton. Etter rettstvistar og avskaffinga av slaveriet, som familievelstanden bygde på, hadde herr Barrett store økonomiske tap som gjorde han nøydd til å selja Hope End. Sjølv om familien aldri blei direkte fattig, blei eigedommen overteken og lagt ut for sal for å tilfredsstilla kreditorane hans. Barrett var alltid løyndomsfull om den økonomiske stoda, og ville ikkje diskutera tilstanden med andre. Familien levde lenge med frykta om at dei kanskje måtte flytta til Jamaica.

Frå 1833 til 1835 budde Elizabeth og familien i Belle Vue i Sidmouth. Staden er no blitt omdøypt til Cedar Shade og ombygd, men ein blå plakett er sett opp til minne om at ho budde der. I 1838, nokre år etter salet av Hope End, slo familien seg ned i 50 Wimpole Street i London.

I tida 1837–38 var diktaren igjen plaga av sjukdom, med symptom som ein i dag kan tolka som tuberkuløs sårdanning i lungene. På oppmoding frå familielegen drog ho frå London til kystbyen Torquay. Så fann det stad to tragediar. I februar 1840 døydde broren Samuel av ein febersjukdom på Jamaica. I juli same året drukna favorittbroren hennar Edward («Bro») i ei båtulukke i Torquay. Dette fekk ei negativ påverknad på den allereie dårlege helsa hennar. Ho følte skuld, ettersom far hennar hadde vore motvillig til at Edward skulle vera i lag med henne i Torquay. Ho brevveksla mykje med Mary Russell Mitford, både om personlege kvaler og intellektuelle idear. Mitford sendte henne ein spaniel, Flush, for å gje henne noko meir å leva for, i januar 1841. Virginia Woolf kom seinare til å skriva ei fiktiv livsskildring for hunden i Flush: A Biography frå 1933.

Suksess som diktar høgre|mini|portrett|Portrett av Elizabeth Barrett av Károly Brocky, ca. 1839–1844 Tilbake i Wimpole Street var Elizabeth mesteparten av tida oppe på soverommet sitt. Helsa hennar byrja å bli betre, men ho var i lag med få andre enn den næraste familien. Ein av dei ho møtte var John Kenyon, ein rik venn og velgjerar som var fjernt i slekt med dei.

Mellom 1841 og 1844 skreiv Elizabeth mykje av både poesi, omsetting og prosa. Diktet The Cry of the Children, som blei gjeve ut i 1842 i Blackwood's, fordømte barnearbeid og bidrog til å bringa fram barnearbeid-reformer ved å heva støtta til Lord Shaftesbury sitt lovforslag Ten Hours Bill frå 1844. På same tid bidrog ho med kritiske prosaverk til Richard Henry Horne sitt A New Spirit of the Age, inkludert eit lovprisande essay om Thomas Carlyle.

I 1844 gav ho ut to band med dikt, der mellom anna «A Drama of Exile», «A Vision of Poets» og «Lady Geraldine's Courtship» var med. Ho gav også ut to viktige kritiske essay i The Athenaeum i 1842. Ho omtalte seg sjølv som ein «beundrar av Carlyle», og sendte han eit eksemplar som «ei hylling av beundring og respekt». Dette byrja ein korrespondanse mellom dei. «Sidan ho ikkje var nøydd til å utføra huslege syslar slik som systrene sine, kunne Barrett Browning no via seg heilt til sinnslivet, dyrka ein enorm korrespondanse, lesa mykje», ifølgje Mary Sanders Pollock. Den store produksjonen hennar gjorde henne til ein rival til Tennyson som kandidat til å bli poet laureate i 1850, etter at Wordsworth døydde.

Det er sett opp ein blå plakett av Royal Society of Arts til minne om Elizabeth ved 50 Wimpole Street.

Robert Browning og Italia høgre|mini|Elizabeth Barrett Browning med sonen Pen i 1860 mini|Clasped Hands of Robert and Elizabeth Barrett Browning, 1853 av Harriet Hosmer.